Meta tags:
Headings (most frequently used words):
2011, 2012, familien, wednesday, june, tuesday, november, 23, august, vår, blog, nytt, sukka, 27, 26, håvard, og, mamma, sunday, may, 06, monday, 28, thursday, 11, syningar, minsteguten, eldsteguten, my, list, contributors, links, archive, guttetur, blomar, lite, er, godt, pynting, til, advent, ein, liten, film, teaterframsyning, for, oppdatering,
Text of the page (most frequently used words):
det (41), har (30), share (24), med (22), til (22), for (16), seg (16), years (15), ago (15), oss (13), ein (13), ikkje (12), håvard (10), #familien (10), inn (10), godt (10), han (10), lagt (9), men (9), som (9), var (9), november (8), pinterest (8), facebook (8), blogthis (8), email (8), this (8), den (8), august (7), sukka (7), eit (7), skal (7), dei (7), der (7), pappa (7), june (6), agen (6), judi (6), vår (6), comments (6), frå (6), også (6), sondre (6), october (5), march (5), may (5), 2011 (5), sidan (5), hanne (5), marte (5), våre (5), vore (5), fekk (5), vart (5), litt (5), ole (5), february (4), mamma (4), 2012 (4), heime (4), livet (4), kamilla (4), gode (4), kjem (4), vere (4), morfar (4), meir (4), september (3), blog (3), hos (3), øyvind (3), itupoker (3), net (3), poker (3), domino (3), online (3), indonesia (3), terpercaya (3), kva (3), bilder (3), ferien (3), nye (3), bilde (3), farmor (3), farfar (3), god (3), veker (3), etter (3), turen (3), stas (3), dag (3), sett (3), denne (3), sjå (3), mange (3), blir (3), både (3), kjekke (3), tida (3), påske (3), svært (3), før (3), nytt (3), vel (3), min (3), helg (3), sjølv (3), hagen (3), fantastisk (3), july (2), 2007 (2), january (2), april (2), december (2), søndag (2), formiddag (2), blomar (2), guttetur (2), edit (2), rundt (2), tur (2), lille (2), ser (2), posts (2), minst (2), bryllaupet (2), berre (2), hatt (2), kjekt (2), tante (2), skulle (2), får (2), bli (2), her (2), kjekk (2), stund (2), hadde (2), veke (2), suldal (2), kosa (2), gjekk (2), knappe (2), gravferda (2), bar (2), skjønne (2), karmøy (2), tyrkia (2), veka (2), slutten (2), kjende (2), måtte (2), lag (2), allereie (2), kunne (2), heilt (2), spesiell (2), kyrkja (2), ute (2), utruleg (2), ofte (2), alle (2), flotte (2), fin (2), alltid (2), kroppen (2), mai (2), nydeleg (2), velsigna (2), komande (2), sterk (2), blogginnlegg (2), tuesday (2), opp (2), wednesday (2), færre (2), blitt (2), siste (2), bra (2), tett (2), dokke (2), kan (2), fått (2), fast (2), hareid (2), same (2), går (2), barnehage (2), sykle (2), utan (2), altså (2), flott (2), jobb (2), veldig (2), klarer (2), comment (2), difor (2), kanskje (2), sikkert (2), like (2), trur (2), favoritten (2), diggar (2), bedda (2), heiter (2), full (2), blomst (2), morgon (2), tidleg (2), picture, window, theme, powered, blogger, 2006, 2008, 2009, 2010, archive, google, news, links, contributors, doggdropen, marit, heimesi, tønnesen, seminarprogrammet, called, eidsvåg, adventure, freser, bil, california, mission, year, ane, marie, kvilldølinger, bodø, kvilldalsgjengen, takk, storesøss, hildal, lund, eika, hareidlandet, trilleturlag, frøken, gjerde, bare, koma, heim, bjørklygjengen, tilbake, seriøse, giftar, silje, helge, glimt, mitt, liv, karinas, univers, pippi, annika, cipto, junaedy, moi, nyhetsbrev, blåklokkeskog, anne, brits, verden, list, konsekvensane, ved, gifte, sommaren, eldsteguten, minsteguten, syningar, subscribe, atom, home, older, fleire, nok, etterkvart, helga, gler, ting, skje, hausten, fylgje, seinare, vil, avslutte, hærleg, hjerteknusarane, resten, feria, besøk, bit, erstatning, fjelleiren, eigentleg, neste, lang, heile, fam, grimstad, området, planlegge, fyrstkomande, laurdag, slappa, nokon, treningsturar, hytta, turar, saman, mussi, sørover, bryllup, elisabeth, magnus, deretter, heldige, fadderar, milla, utgangspunktet, kretatur, såg, lot, gjere, avbestilte, når, raskt, fann, chartertur, luksushotell, all, inclusive, slappe, samle, krefter, deilig, taket, lyfta, under, salmesongen, mektig, forbilledleg, kor, betydd, noko, trappa, stod, folk, lita, takksam, oppleve, varmen, ukjende, juni, døde, papsen, føltes, sleppe, samstundes, uendelig, trist, endeleg, kjenner, savnet, frisk, levande, lattermild, omsorgsfull, omtenksom, positiv, hjelpsom, arbeidssom, leikande, svigerfar, tek, brått, heilomvending, likevel, vidare, gutane, verkeleg, fokusere, minner, snille, morfaren, sin, hjelpe, halde, friskt, minnet, snakkar, oppteken, himmelen, jesus, tenke, ville, foreldre, guten, døypt, markering, armkroken, velkommen, lenge, kreftsjuk, håpa, lengste, klare, svak, klarte, handtere, lumske, cellene, lenger, vite, behandling, skunda, gitt, ifrå, yngstejenta, presten, ekteparet, samt, bedd, situasjonen, dette, oppleving, sanneleg, tide, byrjar, oppdatering, thursday, teaterframsyning, testing, nettbasert, videoedigeringsprogram, endte, korte, filmsnutten, stolt, guttane, jentå, liten, film, pynting, advent, monday, bloggen, andre, prioriteringar, snør, trass, kome, sjuk, tassar, pysjen, innekosedag, kallast, kort, oppsummering, største, hendingane, mnd, treff, nemne, stilling, kommune, gått, kommuna, flyttar, lært, støttehjul, funne, satse, vilje, absolutt, mest, blid, rogalandsbunad, racer, 30årsdagssykkel, ellers, stort, sjekke, legge, mobilen, par, skjønnasane, mannen, bunad, ynskjer, finfin, helst, snø, sol, lite, sunday, jobbe, seier, hyppigare, oppdateringane, framover, hehe, forstod, starta, hærlig, ferie, juli, trivast, framleis, jobben, fint, vente, tillegg, takka, studieplass, høgskulen, ålesund, satsar, tittelere, meg, kreftsjukepleiar, spennande, tider, forbindelse, tutta, sjølvsagt, bærbar, data, sit, skriv, brukte, mac, låne, aleine, gutatur, storkosar, kvardag, synast, leikene, nokre, dagar, bur, outfitten, bildet, speilet, brillene, visst, stauder, fyller, favorittane, luktar, timian, slår, nydelege, bordet, inne, synest, plukke, blomster, små, bukettar, pryde, huset, innvendig, pionar, sant, veit, kontrollen, spanande, følgje, planta, grunnen, kontroll, vakne, finne, slik, bloming, utanfor, døra, tredagerstur, suldalsfjella, over, storeguten, kost, masse, samen, venner, smil, glede, kveld,
Text of the page (random words):
familien sukka familien sukka smil og glede frå tidleg morgon til tidleg kveld wednesday june 27 2012 guttetur ein fantastisk tredagerstur i suldalsfjella er over sondre har vore heilt fantastisk kjekk å ha med seg på tur pappa og storeguten har kost seg masse i lag og samen med gode venner lagt inn av familien sukka kl 3 01 pm 4 comments email this blogthis share to x share to facebook share to pinterest blomar det er spanande å følgje med i bedda våre for tida sidan vi ikkje har planta sjølv så har vi i grunnen ikkje så god kontroll på kva som er i hagen vår difor er det fantastisk å vakne ein morgon å finne ein slik blomst i full bloming utanfor døra flott ikkje sant vel veit ikkje kva den heiter men det har sikkert mamma kontrollen på no er det også like før favoritten slår ut i full blomst pionar dei er så nydelege både i hagen og på bordet inne eg synest det er stas å kunne plukke blomster i hagen til små bukettar som kan pryde huset innvendig stauder er også kjekke å ha dei fyller så godt i bedda ein av favorittane der er timian trur det er det den heiter den luktar nydeleg og er så tett og fin lagt inn av hanne marte kl 1 15 am 1 comment email this blogthis share to x share to facebook share to pinterest tuesday june 26 2012 håvard og mamma sidan søndag formiddag har håvard og eg vore heime aleine sondre og ole er på gutatur til karmøy og suldal og storkosar seg der hos oss her heime er det meir kvardag med jobb og barnehage men eg trur håvard synast det er litt godt å få ha leikene litt for seg sjølv nokre dagar vi klarer oss veldig bra og no kjem også tante kamilla til oss og bur med oss så det er stas outfitten håvard har på bildet er favoritten han diggar å sjå seg sjølv i speilet med brillene på og vi diggar visst og sjå på han vi òg som du sikkert forstod så har ole starta på ferien hærlig eg skal ikkje ha ferie før i slutten av juli men trivast framleis svært godt i jobben så då går det fint å vente litt til i tillegg så har eg takka ja til studieplass på høgskulen i ålesund så om to år satsar eg på å tittelere meg som kreftsjukepleiar spennande tider og i den forbindelse så måtte tutta sjølvsagt ha seg ein bærbar data so no sit eg å skriv på min nye men brukte mac like it ole fe låne den altså eg har helg no sidan eg skal jobbe komande helg så difor seier eg god helg kanskje det blir litt hyppigare med oppdateringane no da framover kanskje hehe lagt inn av hanne marte kl 11 56 am 1 comment email this blogthis share to x share to facebook share to pinterest sunday may 06 2012 lite nytt er godt nytt vi ser at det blir færre og færre blogginnlegg på bloggen vår det har vel blitt andre prioriteringar i det siste men vi har det bra i dag snør det tett ute på trass av at vi har kome til mai sondre er sjuk og håvard tassar allereie rundt i pysjen innekosedag kallast det for å gi ei kort oppsummering av dei største hendingane siste mnd for dokke vi ikkje treff så ofte så kan vi nemne at ole no har fått seg fast stilling i hareid kommune eg har gått opp til 70 fast i same kommuna håvard og sondre går no i same kjekke barnehage farmor og farfar flyttar til hareid om 2 veker sondre har lært seg å sykle utan støttehjul håvard har funne ut at han skal satse på å ha ei sterk vilje men absolutt mest blid altså ole har fått seg rogalandsbunad som han er utruleg flott i eg har blitt ein racer på å sykle til jobb med min veldig gode 30årsdagssykkel og ellers så har vi det stort sett svært godt skal sjekke ut om eg klarer å legge ut bilder frå mobilen so kjem det vel eit par bilde av skjønnasane våre og ikkje minst flotte mannen min med bunad ynskjer dokke alle ei finfin veke helst utan snø med sol lagt inn av hanne marte kl 9 16 am no comments email this blogthis share to x share to facebook share to pinterest monday november 28 2011 pynting til advent lagt inn av familien sukka kl 12 24 pm 2 comments email this blogthis share to x share to facebook share to pinterest wednesday november 23 2011 ein liten film testing av eit nettbasert videoedigeringsprogram endte opp med denne korte filmsnutten av familien vår stolt av guttane og jentå mi lagt inn av familien sukka kl 1 50 pm 3 comments email this blogthis share to x share to facebook share to pinterest tuesday august 23 2011 teaterframsyning for familien lagt inn av familien sukka kl 5 09 am 3 comments email this blogthis share to x share to facebook share to pinterest thursday august 11 2011 oppdatering då var det sanneleg på tide med eit nytt blogginnlegg det byrjar å bli ei stund sidan påske tida etter påske har vore svært spesiell for oss pappa har lenge vore kreftsjuk men vi håpa i det lengste på at han skulle klare seg litt før påske vart han meir og meir svak kroppen klarte ikkje å handtere dei lumske cellene i kroppen lenger vi fekk vite at det ikkje vart meir behandling den 5 mai vi skunda oss då med å ha ein nydeleg dag for kamilla og øyvind der pappa fekk gitt ifrå seg yngstejenta si og presten fekk velsigna både det komande ekteparet samt velsigna og bedd for tida og situasjonen dette var ei sterk oppleving knappe to veker etter vart håvard guten vår døypt det vart også ei fin markering håvard kosa seg alltid i armkroken til morfar og der var han alltid velkommen 5 juni døde papsen der og då føltes det godt at han fekk sleppe samstundes som at det var så uendelig trist at det vart så endeleg no kjenner vi på savnet av ein frisk levande lattermild omsorgsfull omtenksom positiv hjelpsom arbeidssom leikande pappa svigerfar og morfar livet tek brått ei heilomvending likevel må livet gå vidare og det er godt å ha dei to skjønne gutane våre som verkeleg får oss til å fokusere på livet sondre har utruleg mange gode minner av den snille og kjekke morfaren sin og dei skal vi hjelpe han med å halde friskt i minnet han snakkar ofte om morfar og er oppteken av at morfar har det godt i himmelen hos jesus det er godt for oss alle å tenke på ville ta med eit bilde av mamma og pappa våre flotte foreldre gravferda var heilt spesiell det var som om taket lyfta seg i kyrkja under salmesongen mektig det er også godt og forbilledleg å sjå kor mange pappa har betydd noko for til og med ute på trappa stod det folk kyrkja var for lita ein blir takksam av å oppleve den varmen frå så mange både kjende og ukjende knappe to veker etter gravferda bar turen sørover i bryllup for elisabeth og magnus ein stas dag deretter var vi så heldige å få vere fadderar for skjønne milla på karmøy så bar turen til tyrkia vi hadde i utgangspunktet sett av denne veka til ein kretatur då vi såg at det ikkje lot seg gjere avbestilte vi denne turen når det no gjekk så raskt med pappa på slutten kjende vi på at vi måtte vere i lag og veka var allereie sett av vi fann oss då ein chartertur til tyrkia eit luksushotell med all inclusive der vi berre kunne slappe av og samle nye krefter deilig så hadde vi oss ei god veke i suldal der slappa vi av fekk oss nokon treningsturar kosa oss på hytta gjekk turar kjekt å få vere saman med farmor farfar og mussi resten av feria har vi hatt heime vi har hatt kjekt besøk av tante bit erstatning for fjelleiren vi eigentleg skulle på det får bli neste år så har farmor og farfar vore her ei lang og kjekk stund og no er heile fam grimstad i området for å planlegge bryllaupet til kamilla og øyvind som skal vere fyrstkomande laurdag har ikkje lagt inn bilder frå ferien men dei kjem seinare men vil avslutte med eit hærleg bilde av hjerteknusarane våre 3 fleire bilder frå ferien kjem nok etterkvart og ikkje minst frå bryllaupet til helga vi gler oss nye ting skal også skje til hausten så det er berre å fylgje med lagt inn av hanne marte kl 11 47 am 5 comments email this blogthis share to x share to facebook share to pinterest older posts home subscribe to posts atom syningar minsteguten vår eldsteguten vår ei av konsekvensane ved å gifte seg sommaren 2007 my blog list anne brits lille verden nyhetsbrev og blåklokkeskog 10 years ago familien moi cipto junaedy 11 years ago annika o kva ser du pippi 12 years ago karinas lille univers itupoker net agen judi poker agen judi domino online indonesia terpercaya 12 years ago eit glimt inn i mitt gode liv itupoker net agen judi poker agen judi domino online indonesia terpercaya 12 years ago silje og helge itupoker net agen judi poker agen judi domino online indonesia terpercaya 12 years ago øyvind og kamilla giftar seg tilbake til det seriøse livet 13 years ago bjørklygjengen det er bare å koma heim 14 years ago frøken gjerde s blog 14 years ago hareidlandet trilleturlag tur på eika 14 years ago hildal lund en takk til storesøss 14 years ago kvilldalsgjengen kvilldølinger i bodø 14 years ago ane marie 15 years ago mission year freser rundt med bil i california 15 years ago eidsvåg adventure seminarprogrammet for called 16 years ago heime hos tønnesen marit si heimesi a doggdropen contributors familien sukka hanne marte links google news edit me edit me blog archive 2012 4 june 3 guttetur blomar håvard og mamma sidan søndag formiddag har hå may 1 2011 19 november 2 august 2 april 1 march 5 february 6 january 3 2010 19 december 2 november 5 october 3 august 1 june 1 may 2 march 2 february 3 2009 28 december 2 november 1 october 2 september 4 august 4 july 1 may 2 april 3 march 4 february 4 january 1 2008 14 november 4 october 2 september 3 august 3 june 1 march 1 2007 10 november 2 october 1 july 2 june 1 may 2 march 1 february 1 2006 9 november 3 october 2 september 2 august 2 picture window theme powered by blogger
|