Meta tags:
Headings (most frequently used words):
2014, august, søndag, mandag, april, 2015, oktober, meg, på, 2016, torsdag, 23, onsdag, 27, 17, om, følg, instagram, kategori, bloggarkiv, følgere, antall, besøkande, den, vesle, tida, silkemjuk, gensar, mønster, frå, sandnesgarn, milo, vest, restegarnprosjekter, hestehornet, haustsol, dei, gamle, fjell, syningom, er, alltid, eins, sjå, solskinnstur, nonkletten, skogstur, til, orretuva, tirevolltunet, raknes,
Text of the page (most frequently used words):
det (93), var (55), til (46), som (44), med (42), den (41), ein (39), ikkje (37), har (37), men (29), meg (25), frå (25), del (24), dette (21), for (20), dei (17), hadde (16), denne (16), strikka (15), anna (15), eit (14), #august (12), etter (12), opp (12), seg (11), skulle (11), vart (11), før (10), fjelltur (10), blogg (10), godt (10), der (10), garnet (10), oktober (9), april (9), torill (9), lagt (9), inn (9), gjekk (9), mange (9), turen (9), alt (9), vere (9), volda (9), når (9), mai (8), juni (8), juli (8), pinterest (8), facebook (8), send (8), via (8), post (8), berre (8), ned (8), mykje (8), bloggen (8), september (7), desember (7), januar (7), tur (7), etiketter (7), gongar (7), vil (7), noko (7), ungane (7), litt (7), toppen (7), brukt (7), sidan (7), vore (7), att (7), kva (7), tid (7), kan (7), strikke (7), november (6), februar (6), mars (6), fjell (6), ingen (6), kommentarer (6), stien (6), aldri (6), meir (6), utsikt (6), slik (6), fekk (6), skal (6), vert (6), idag (6), fram (6), tok (6), 2014 (5), tida (5), liten (5), heile (5), vegen (5), meisa (5), fint (5), oss (5), vidare (5), her (5), går (5), mot (5), ligg (5), over (5), nonkletten (5), får (5), nok (5), gong (5), gamle (5), seie (5), likar (5), mønster (5), instagram (4), livet (4), ute (4), born (4), emil (4), andre (4), enn (4), time (4), boka (4), kor (4), orretuva (4), heilt (4), veg (4), først (4), kome (4), sjå (4), eller (4), minutt (4), sjølv (4), kom (4), vind (4), topp (4), fin (4), bileter (4), restegarnprosjekt (4), drops (4), kjem (4), verte (4), ferdig (4), 2015 (3), 2016 (3), småfolk (3), hage (3), følg (3), min (3), utehjarte (3), turar (3), handlar (3), parkerte (3), ved (3), bedehus (3), glatte (3), slutt (3), skogstur (3), vel (3), både (3), kjeks (3), alle (3), tek (3), tirevolltunet (3), nokre (3), slike (3), tilbake (3), veldig (3), ville (3), synest (3), brukte (3), søndag (3), sti (3), fantastisk (3), ser (3), står (3), tatt (3), bilete (3), heim (3), seier (3), starten (3), merke (3), passa (3), hua (3), vår (3), vinden (3), ørsta (3), glad (3), bilen (3), alltid (3), mogleg (3), malin (3), vakre (3), lenge (3), likevel (3), laga (3), eitt (3), str (3), vekk (3), oppskrifta (3), kanskje (3), lite (3), fort (3), garn (3), mønsteret (3), strikkar (3), kvar (3), vant (3), enkel (2), tema (2), vesle (2), reise (2), mat (2), fargar (2), gard (2), familie (2), dansebakken (2), under (2), strikking (2), innlegg (2), hjellvik (2), skog (2), utan (2), gløymt (2), saft (2), skreiv (2), flinke (2), espen (2), sveitt (2), uansett (2), lett (2), fann (2), budd (2), stille (2), høgare (2), raknes (2), gått (2), korleis (2), bedehuset (2), utsikta (2), molvikagrendi (2), fjellet (2), dagar (2), dokke (2), sørkletten (2), lista (2), eigentleg (2), nøgd (2), passar (2), vanleg (2), vèret (2), køyrde (2), sitt (2), god (2), heller (2), augene (2), rett (2), ørstafjorden (2), nista (2), helgehornet (2), blant (2), havet (2), startar (2), enden (2), bak (2), rotsethornet (2), nydelege (2), fjella (2), sunnmøre (2), gjer (2), haustferie (2), meter (2), mellom (2), mest (2), gongen (2), førehand (2), ilag (2), onkel (2), krøvelsetra (2), merker (2), vakkert (2), lenger (2), hestehornet (2), stolt (2), fascinerande (2), nesten (2), håret (2), store (2), fleire (2), regnar (2), kommentar (2), lima (2), restar (2), lei (2), babyull (2), siste (2), pickles (2), kjole (2), restegarn (2), ravelry (2), fransk (2), mamma (2), sandnes (2), les (2), vesker (2), rekte (2), like (2), nettopp (2), sjølvsagt (2), måtte (2), par (2), tenke (2), tenkt (2), tru (2), lot (2), hatt (2), korga (2), nye (2), alpakka (2), genseren (2), garna (2), sandnesgarn (2), mandag (2), utetid (2), turane (2), blogge (2), drevet, blogger, antall, besøkande, følgere, 2007, 2008, 114, 2009, 111, 2010, 120, 2011, 2012, 2013, bloggarkiv, video, veranda, terrasse, venner, vaskerom, turer, stove, stein, mur, soverom, scrapping, saum, museum, maling, loppemarknad, loftstove, kjøkken, interiør, høgtid, husbygging, hus, hobbyverkstad, hekla, hageplanlegging, gang, foto, camping, blomar, planter, belysning, barnerom, bad, kategori, vis, hele, profilen, fjord, aktivitetar, stor, oppdateringar, finn, brukarnavn, blomsterogbier, oppdaterast, bloggingen, avslutta, abonner, atom, startsiden, eldre, bakken, full, røtter, steinar, hylte, frustrasjon, verda, hatar, sopp, hyyyl, røttene, steinane, snublar, dett, spring, framfor, problem, sovnar, keisame, framme, vèr, glade, skjedd, drakk, oppdaterte, instragram, vite, foreldre, ryggen, skuldrane, ømme, nokså, dårlege, skiftast, avgjort, kosar, søv, bruke, hundehus, hundar, storesøster, visst, leiken, bortgøymt, folk, tiår, arrangert, samlingar, året, skogen, nærare, kvart, vemodig, stadar, eplebåtar, niste, smurt, tross, borte, bilvegen, eine, timen, tre, slitne, klaging, syting, undervegs, nokon, dersom, anbefale, sagt, bør, parkere, raknestunet, same, forutset, stiller, deg, keisam, samd, inga, stjerne, samvit, legge, tenkte, mål, halvtime, verkeleg, kjenne, turmålet, slep, underlaget, tydelegare, ifrå, fylgde, idrettsbana, feil, kryssar, bekk, møter, port, merka, blått, vanskeleg, finne, berg, opplever, beste, tjuvasundet, paddøy, kjellrusen, austlendingen, største, bakerst, ostereidet, eknes, flott, kjensle, stå, nyte, kveldssola, verdt, nevne, postkasse, bok, forrige, mann, skrive, kartet, furuskog, ulendt, dit, skotøy, støvlar, vanntette, tursko, voksen, brukar, tippe, endomondo, appen, svikta, registrerte, difor, tal, langt, torhild, turvenninne, vitne, våte, skitne, bein, normalt, tidleg, haust, varme, perfekt, lia, lokalt, start, tysse, løypa, pittelitt, osterøy, solskinnstur, onsdag, skyttarbanene, sollidalen, leitte, liksom, hennar, jobb, nødvendig, ganske, vått, motivasjonen, pitstop, vatn, bensin, blåste, trakk, legg, bergansmeisa, kjøpte, nyare, norheimmeis, huskar, dårlegare, håvoll, regndropar, lufta, trykte, saman, fornøgd, blid, gjeng, bra, voldafjorden, møtes, holmar, skjær, tunnellen, dannar, eiksundsambandet, halvøya, eiksund, ulsteinvik, hareid, fosnavåg, runde, dalsfjorden, lauvstadbygda, venstre, hovdebygda, mork, sentrum, ruvar, pusslete, fjerne, hovdevatnet, bakgrunnen, søre, takknemleg, fått, framleis, vekke, kjenner, staden, hjarte, nærast, utsleta, golvtvåge, småbarnsmor, fulltidsjobb, sminkelaus, manglande, søvn, opplevingar, nedover, bakkane, samde, gode, nutane, gjera, hugen, ivar, aasen, sommartemperaturar, naturen, utnytte, formiddagen, basseng, oppoverbakkar, ettermiddagen, passeleg, sine, 623, havflata, halvøy, syningom, eins, travelt, rekk, lyst, skundar, butikkar, besøk, stramme, timeplanen, bestemte, prioritere, natur, turliv, borna, fjellturen, handling, middag, timar, galskap, sitje, inne, leie, mormor, klar, henne, blautt, våt, beina, allereie, fant, raude, langs, utsyn, fantastiske, venninne, halvblind, hund, koste, knipsa, raskt, bileta, såg, visste, ingenting, åmdalen, follestaddalen, omkransa, veit, heiter, stort, 688, byde, bondalen, bjørdalen, vatne, rørt, skikkeleg, patriot, saknar, glipp, fall, kraftige, synd, fikk, sitte, inndelingane, dalar, isbreane, kanten, rotevatnet, voldsfjorden, knaus, sidesynet, oppoverbakkane, gatebilete, rører, hjarterota, sentimental, bortkomen, sau, heime, trur, jammen, glatta, rynkene, solstrålane, lyser, hausten, vakker, paletten, ball, raspe, komle, kake, dessert, trygt, dagen, tide, tømme, mobilen, haustferien, synes, tilbakeblikk, haustdagane, grader, sol, mørkt, fyrer, ovnen, haustsol, torsdag, tåle, premie, utsjånad, fargeval, genser, blitt, vinter, ufatteleg, babystrikk, garnrestar, ribbebukse, striper, kjolen, uglehua, engelsk, dame, utruleg, typisk, storleiken, tjukkelestar, smartgarn, finullgarn, rauma, veske, hundre, tova, fullstendig, ubrukelege, moten, igjen, pulsvantane, svigermor, kragetopp, paelas, muskat, historia, bikinitopp, skjørt, bikinitoppen, medan, skjørtet, deretter, planen, tunika, sats, gjenbruksprosjekt, omlag, kjekk, irriterande, nøstebarngenser, nøstebarn, halv, pinne, større, eittårstorleiken, smart, kjøpe, nøste, kjempegodt, eiendom, rakk, faktisk, kjekt, bestem, utfordringa, moduset, lengre, sto, fast, frie, valmoglegheiter, bestilt, masse, gler, månadane, ferdigmontert, selekjole, måla, stemmer, vid, drukna, fordi, umotivert, vips, grei, gjorde, modellar, flest, flette, bunadskjorte, strømpebukse, ulike, sambygdingar, bidratt, uglehue, dagslyset, dårleg, vasken, kjøkkenet, studio, nød, lærer, naken, kvinne, spinne, prosjekt, fødd, kvitte, merkast, fokus, haldt, unna, kjøpa, freistande, garnnøste, krampetrekningar, godkjent, tom, altså, halvt, blogginnlegg, sist, påskeferie, prioriterer, tider, spyr, augenblink, kvardagslivet, enkelt, konseptet, betyr, daud, påskedag, gjenoppstått, restegarnprosjekter, inspirasjonen, vrange, limagarn, blanding, ull, vottar, kjøpt, georgie, hallam, oppskrift, ovenfrå, stykke, vesten, gjerne, milo, vest, kastar, funne, rundpinne, rettstrikk, arbeidet, vrenge, vrangstrikken, fem, nøster, handa, utanpå, skifte, farge, handla, omvendt, krølla, strikket, målet, auget, motiverte, betalt, pengar, monteringa, hjelp, orka, tanken, montere, mohairgarn, motsatt, festa, draum, mjukt, omkransar, kattungar, kroppen, all, irritasjon, silk, mohair, silke, dobbelt, ekte, luksusgenser, gensarane, holete, utvaska, gensaren, sett, stund, premien, tilstrekkeleg, bestilte, dyr, affære, trykka, koden, bestemt, silkemjuk, gensar, vakne, liv, helst, skjønnar, opptar, lange, krevande, fremst, opptek, drøymer, stadig, inkluderer, familien, storme, heimen, krangling, grining, påkledd, fastspent, senker, freden, best, viser, interessert, tankane, omhandle, interessene, mine, matlaging, diverre, problemer, overbelastning, hendene, hagen, utvikling, trollkjerringar, sommaren, betre, utsikter, vèrfronten, strikkefronten, let, pusterom, gjensyn, stenge, lang, skjer, kvardagen, sider, spørsmålet, handle, derfor, sida, gir, overskot, energi, nemleg, blomster, bier,
Text of the page (random words):
kjønnar nok at utetid er noko som opptar meg det er ikkje dei lange krevande turane som først og fremst opptek meg sjølv om eg drøymer om dei stadig vekk men det er dei turane som inkluderer heile familien det kan storme i heimen med krangling og grining men så fort ungane er påkledd og sitt fastspent i bilen senker freden seg livet er best ute viser det seg følg meg vidare på utehjarte om du er interessert denne bloggen har eg i tankane skal omhandle dei andre interessene mine som strikking matlaging og hage diverre har eg problemer med overbelastning av hendene så eg strikkar lite hagen er no der men det er lite utvikling så lenge det regnar trollkjerringar heile sommaren vi må likevel tru at det vert betre utsikter både på vèrfronten og strikkefronten og kanskje får eg tid til å blogge meir berre ungane let meg få nokre pusterom av og til på gjensyn lagt inn av torill kl 21 14 ingen kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest mandag 6 april 2015 silkemjuk gensar i mønster frå sandnesgarn denne gensaren hadde eg sett på ei stund og lot den vere premien når eg hadde strikka tilstrekkeleg med restegarnprosjekt eg bestilte garnet og oppskrifta frå sandnesgarn og det var ei dyr affære til meg å vere augene var att då eg trykka koden eg hadde berre bestemt meg for at denne genseren ville eg ha eg les aldri mønsteret på førehand eg kastar meg ut i det uansett når eg først har funne noko eg vil strikke denne genseren er strikka på rundpinne i rettstrikk men når arbeidet var ferdig så skulle eg vrenge den slik at vrangstrikken var ut eg hadde fem nøster på handa til ei kvar tid så eg måtte ha garnet utanpå når eg skulle skifte farge alt handla om å tenke omvendt av det som eg var vant med og garna krølla seg kvar gong eg skulle reise meg eller ta fram strikket men målet i auget motiverte meg til å verte ferdig og sjølvsagt det at eg hadde betalt mykje pengar for den monteringa fekk eg litt hjelp meg eg var så lei at eg orka ikkje tanken på å montere mohairgarn motsatt av det eg er vant med garna vart festa og den er ein draum å ha på seg noko så mjukt eg omkransar meg med kattungar på kroppen og all irritasjon er gløymt garnet eg har brukt er silk mohair og alpakka silke og er strikka dobbelt til ei kvar tid ein ekte luksusgenser det er ikkje eg vant med som går med gensarane til dei er holete og utvaska lagt inn av torill kl 08 00 1 kommentar send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest etiketter strikka søndag 5 april 2015 milo vest limagarn frå drops er eit garn eg likar veldig godt det er ei fin blanding av ull og alpakka garnet eg hadde var først tenkt til vottar og ein kjole men så vart det ikkje slik mønsteret har eg kjøpt på ravelry og er laga av georgie hallam det er ei veldig fascinerande oppskrift kor du strikkar ovenfrå og ned i eitt stykke heile vegen denne vesten strikkar eg gjerne fleire gongar inspirasjonen til mønsteret kjem frå bloggen to vrange lagt inn av torill kl 20 39 ingen kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest etiketter strikka restegarnprosjekter eit halvt år sidan siste blogginnlegg sist gong var det haustferie no er det påskeferie det seier kanskje noko det er slik som mange seier eg prioriterer det ikkje eg har instagram der eg til tider spyr ut augenblink frå kvardagslivet det er enkelt det går fort og eg likar konseptet det betyr likevel ikkje at bloggen er daud sidan det er 1 påskedag kan vi vel seie den har gjenoppstått eg har hatt eit prosjekt sidan anna var fødd med å kvitte meg med mest mogleg restegarn og det merkast i korga at eg har hatt fokus og haldt meg unna dei store kjøpa av nye freistande garnnøste no er det berre krampetrekningar att før eg kan seie at korga er godkjent tom altså ikkje heilt men godt nok restegarnprosjekt må tåle å ikkje få 1 premie i utsjånad og fargeval denne hua er strikka i drops lima og er restar frå ein genser eg strikka til meg sjølv hua har blitt mykje brukt i vinter eg er så ufatteleg lei av av babyull etter mange år med babystrikk dette var nesten det siste eg hadde av garnrestar og det vart ei ribbebukse til anna mønster frå pickles ein kjole i striper som vanleg slik er det jo med restegarn kjolen er i str 1 år og den ga eg vekk mønster frå pickles denne uglehua fann eg mønster på ravelry den står på engelsk laga av ei fransk dame eg synest den var utruleg fin og garnet eg har brukt er drops lima den er typisk fransk liten i storleiken tjukkelestar til mamma smartgarn frå sandnes oppskrifta er ei eg har brukt i mange år finullgarn frå rauma restar frå ei veske eg strikka for hundre år sidan les 10 år det var den tida vi strikka og tova vesker fullstendig ubrukelege vesker så det gjer eg nok ikkje att om det kjem på moten igjen pulsvantane har eg strikka til svigermor etter mønster frå drops kragetopp frå paelas strikka i muskat historia bak garnet er til å verte sveitt av eg skulle strikke ein bikinitopp og eit skjørt bikinitoppen vart til medan skjørtet rekte eg opp to gongar deretter var planen å strikke tunika til malin ho var då eitt år strikka 2 3 gongar rekte opp like mange gongar eg vart aldri nøgd til slutt tok eg sats å strikka denne kanskje ikkje eit restegarnprosjekt men heller eit gjenbruksprosjekt toppen vart omlag str 7 år ein kjekk topp å strikke garnet var like irriterande som det hadde vore før nok ei uglehue dagslyset var dårleg på den tida så vasken på kjøkkenet vart brukt som studio nød lærer naken kvinne å spinne denne har eg nettopp ferdigmontert selekjole str 3 år kan du tru måla stemmer men den var alt for vid både anna og emil drukna i den så eg fekk mamma til å strikke den litt lenger fordi eg sjølv var umotivert og vips så passa den til malin og grei som ho er gjorde ho som modellar flest ho lot seg flette på håret tok på seg bunadskjorte og strømpebukse berre for å at eg skulle få tatt eit bilete garnet er babyull av ulike merker eit par sambygdingar har bidratt med garn for at eg skulle verte ferdig til slutt er det enkel nøstebarngenser frå nettopp nøstebarn eg brukte ein halv pinne større enn oppskrifta sa og då passa eittårstorleiken til anna som er 2 5 år garnet er smart frå sandnes hadde sjølvsagt litt for lite så eg måtte kjøpe eit par nøste for å verte ferdig anna likar den kjempegodt og tok eiendom i den før eg rakk å tenke meg om hadde eigentleg tenkt å gi den vekk det er faktisk kjekt å strikke restegarnprosjekt det er garnet som bestem kva du skal strikke utfordringa er å kome ut av det moduset etter lengre tid eg sto heilt fast på kva som var mogleg med frie valmoglegheiter men det gjekk fort over idag har eg bestilt masse garn som eg gler meg å ta til med i månadane som kjem lagt inn av torill kl 20 28 1 kommentar send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest etiketter strikka torsdag 23 oktober 2014 hestehornet i haustsol det var på tide å tømme mobilen for bileter og fram kom vakre bileter frå haustferien det passar fint synes eg å ta eit tilbakeblikk på dei vakre haustdagane i volda med 20 grader og sol no når det regnar er mørkt og vi fyrer i ovnen det er alltid slik at når eg er i volda så har eg det travelt eg rekk aldri alt eg har lyst til og skundar meg frå butikkar besøk turar og alt som er for å få mest mogleg ut av den stramme timeplanen denne gongen bestemte eg meg på førehand at vi skulle prioritere natur og turliv med borna denne fjellturen var ein tur mellom handling og middag og vi hadde to timar på oss vèret var så fint at det var galskap å sitje inne emil og malin var leie av tur og ville vere ilag med mormor men anna var klar så vi tok med henne og onkel andre og køyrde til krøvelsetra og parkerte bilen det var blautt i starten og eg var våt på beina allereie etter 10 meter men det var ein fin sti og anna fant mange raude merker langs stien som var lett å sjå turen opp tok 40 minutt og på toppen var det utsyn mot dei fantastiske vakre fjella i ørsta og volda eg har vore her før men det er lenge sidan den gongen var eg ilag med ei venninne og ein halvblind hund og vi koste oss lenge på toppen med nista vår no var det så mykje vind at eg knipsa raskt nokre bileter skreiv oss i boka og gjekk ned att korleis bileta såg ut visste eg ikkje før eg kom ned att er ikkje dette vakkert så er ingenting vakkert åmdalen og follestaddalen omkransa av fjell eg ikkje lenger veit kva heiter hestehornet er ikkje stort 688 m o h men har mykje å byde på likevel bondalen bjørdalen og vatne eg vert rørt glad og stolt på ein gong skikkeleg patriot å som eg saknar heim av og til har du ikkje vore på sunnmøre så har du gått glipp av noko i alle fall på slike dagar men det dokke ikkje ser på bilete er den kraftige vinden det var synd vi ikkje fikk sitte på toppen og sjå dei fascinerande inndelingane av fjell og dalar som isbreane ein gong tilbake i tid har vore med og laga kva kan eg seie eg likar volda frå denne kanten rotevatnet og voldsfjorden går nesten i eitt rotsethornet er berre ein liten knaus i sidesynet og du ser ikkje oppoverbakkane i gatebilete så godt det rører seg i hjarterota eg er så stolt sentimental og bortkomen sau med vind i håret det er godt å vere heime trur jammen vinden har glatta ut rynkene og espen på veg ned solstrålane lyser over krøvelsetra hausten er så vakker med den store paletten fint å ha ein onkel og då vi kom heim fekk vi ball raspe komle og kake til dessert du kan trygt seie at det ikkje vart fleire turar den dagen lagt inn av torill kl 21 28 2 kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest etiketter fjelltur søndag 5 oktober 2014 dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå det er haustferie og vi er i volda det er sommartemperaturar og nydelege fargar i naturen så her må vi utnytte tida etter å ha brukt formiddagen i basseng gjekk turen vidare i oppoverbakkar på ettermiddagen helgehornet er eit passeleg fjell for born med sine 623 meter over havflata det ligg på ei halvøy mellom volda og ørsta vi køyrde opp til skyttarbanene i sollidalen og parkerte anna leitte etter merke det er liksom hennar jobb der ho sitt opp i meisa med god utsikt men merke er der ikkje ikkje er det nødvendig heller det er ganske vått i starten og motivasjonen var ikkje på topp med ein gong så det passa med pitstop med vatn og kjeks som bensin det blåste litt så anna trakk hua godt ned i augene legg merke til meisa det er den gamle bergansmeisa vår vi kjøpte ei nyare norheimmeis om eg huskar rett men den var dårlegare enn den gamle så no er den gamle tatt fram att på veg opp får ein god utsikt mot håvoll og ørstafjorden vinden tok seg opp på toppen og det var regndropar i lufta vi trykte oss saman og åt nista vår før vi gjekk ned att ein fornøgd og blid gjeng vi brukte 1 time og 15 minutt opp så det synest eg er bra utsikta frå helgehornet er fantastisk voldafjorden og ørstafjorden møtes blant holmar og skjær under havet ligg tunnellen som dannar eiksundsambandet den startar frå enden av halvøya vi står på og i andre enden ligg eiksund ulsteinvik hareid og vidare til fosnavåg og ut i havet til blant anna runde dalsfjorden med lauvstadbygda til venstre hovdebygda og mork rett ned og sentrum i volda bak rotsethornet som ruvar når ein er i volda vert ein pusslete topp i det fjerne ørsta hovdevatnet og dei nydelege fjella i bakgrunnen eg er å glad i søre sunnmøre eg er takknemleg for at eg har fått budd her i 19 år og at eg framleis etter 14 år vekke kjenner at volda er staden som ligg hjarte nærast ei utsleta golvtvåge eller småbarnsmor med fulltidsjobb om du vil sminkelaus og manglande søvn men kva gjer vel det når ein får slike opplevingar som dette det vart meir og meir vind nedover bakkane så det var godt å kome i bilen og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur ja dei gode gamle nutane dei gjera hugen glad ivar aasen er alltid med til og med på fjellet lagt inn av torill kl 09 26 ingen kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest etiketter familie fjelltur onsdag 27 august 2014 solskinnstur på nonkletten idag har vèret vore fantastisk tidleg haust godt med varme og ingen vind perfekt for ein fjelltur nonkletten eller lia som dei seier lokalt er ein liten topp med start frå tysse bedehus nonkletten er starten på løypa om du vil nå den pittelitt høgare toppen sørkletten som er på lista over fjell på osterøy vi gjekk ifrå bedehuset og fylgde ein sti mot idrettsbana denne stien er feil og den skal du ikkje gå gå stien som ligg over vegen frå bedehuset du kryssar ein bekk og møter på ein port stien er merka med blått heile vegen og det er ikkje vanskeleg å finne fram på veg opp der det er mykje berg opplever du den beste utsikta dette er utsikt mot molvikagrendi tjuvasundet og paddøy molvikagrendi med kjellrusen austlendingen som det største fjellet bakerst utsikt mot ostereidet og eknes fantastisk flott kjensle å stå her og nyte kveldssola toppen har ikkje noko utsikt verdt å nevne men der er ei postkasse med bok boka var ikkje godt brukt då forrige mann som hadde skrive seg i boka var der for 16 dagar sidan på kartet ser dokke sørkletten som står på lista mi og der går det ein sti vidare frå nonkletten det er mykje furuskog og ulendt å kome fram så om eg tek turen dit får vi sjå eigentleg er eg nøgd med turen idag turen til nonkletten passar til born skotøy er støvlar eller vanntette tursko ein voksen brukar 45 55 minutt vil eg tippe endomondo appen min svikta som vanleg så den registrerte tur i to minutt difor har eg ikkje tal på kor langt det er eg har ikkje tatt bilete av meg sjølv idag men eg hadde torhild som turvenninne så det får vere vitne nok heim kom eg med våte og skitne bein så då er alt som normalt lagt inn av torill kl 22 05 ingen kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest etiketter fjelltur søndag 17 august 2014 skogstur til orretuva tirevolltunet raknes vi skulle berre ta ein liten fjelltur før anna skulle legge seg og tenkte at orretuva var eit fint mål eg har gått der før og brukte ein halvtime opp men det var først no eg verkeleg fekk kjenne på korleis dette turmålet er med småfolk på slep så vert underlaget så mykje tydelegare vi parkerte ved hjellvik bedehus og gjekk stien opp heile vegen var det berre skog og bakken var full i røtter og glatte steinar emil hylte av frustrasjon mange gongar eg vil ikkje på fjelltur aldri i livet aldri i verda eg hatar sopp eg vil ikkje meir hyyyl røttene var glatte steinane var glatte og emil snublar og dett mange gongar dei to andre spring framfor utan problem og anna sovnar til slutt i meisa av den keisame turen fjelltur utan noko anna enn skog er ikkje fjelltur men skogstur vel framme etter ein time var det både utsikt fint vèr og glade born alt som før hadde skjedd var gløymt vi åt kjeks og drakk saft skreiv oss i boka og oppdaterte instragram slik at alle fekk vite kor flinke foreldre vi er som tek ungane med på tur espen var godt sveitt på ryggen etter...
|