Meta tags:
Headings (most frequently used words):
2013, 2012, livet, tirsdag, torsdag, for, ein, under, lupa, oktober, lørdag, 25, mai, mandag, 11, februar, 31, januar, 21, august, søndag, 29, april, 15, mars, bloggarkiv, kjekke, bloggar, følgjarar, brudlaup, og, gravferd, eitt, år, sidan, ei, utfordring, merkedag, eit, minne, vår, det, ligg, lufta, skatt, hjertet,
Text of the page (most frequently used words):
det (103), for (52), har (52), ein (46), med (44), som (40), til (39), var (34), ikkje (30), meg (29), eit (26), dei (26), den (23), del (23), kan (21), han (21), skal (20), dette (18), men (18), vart (17), hadde (16), dag (15), siden (14), livet (14), der (14), sånn (13), over (13), kva (13), heile (13), litt (12), vore (12), når (11), min (11), går (11), utan (11), kanskje (10), oss (10), steg (10), inn (9), igjen (9), nokre (9), kor (9), pappa (9), dagen (9), ann (8), sofi (8), sidan (8), send (8), heilt (8), frå (8), kjenner (8), her (8), glad (7), pinterest (7), facebook (7), blogg (7), via (7), post (7), kommentarer (7), lagt (7), kvar (7), mykje (7), noko (7), seg (7), fram (7), skulle (7), får (7), alle (7), trur (7), mitt (7), etter (7), 2013 (6), godt (6), slutt (6), før (6), eller (6), opp (6), vil (6), alt (6), vert (6), kom (6), volda (6), store (5), gode (5), februar (5), 2012 (5), januar (5), måtte (5), fekk (5), ord (5), gjere (5), saman (5), meir (5), korleis (5), kjem (5), veit (5), endeleg (5), måte (5), verte (5), månad (5), sjokolade (5), nydeleg (5), dansar (5), skuleveg (5), hit (5), dit (5), natta (5), mai (4), tilbake (4), fem (4), nesten (4), vet (4), aldri (4), rundt (4), veldig (4), lite (4), sjølv (4), ingen (4), også (4), gjer (4), fortelje (4), gjekk (4), enno (4), tenkjer (4), gjort (4), sin (4), fyrste (4), vorte (4), slik (4), vidare (4), andre (4), verda (4), visste (4), same (4), gong (4), ned (4), tek (4), ete (4), tre (4), sjå (4), verste (4), månaden (4), eitt (4), året (4), mat (4), lenge (3), små (3), kjekke (3), mars (3), april (3), innlegg (3), vanskeleg (3), spisser (3), klar (3), hatt (3), sorg (3), tar (3), tid (3), bare (3), sjølve (3), gjennom (3), fått (3), sagt (3), utruleg (3), jentene (3), nokon (3), ønske (3), død (3), eigentleg (3), kje (3), skjer (3), siste (3), spør (3), alltid (3), grunnlaget (3), ved (3), kunne (3), mamma (3), mista (3), tak (3), dagane (3), plass (3), torsdag (3), høyrer (3), altså (3), mot (3), marihøne (3), står (3), nytt (3), dagar (3), farmor (3), såg (3), ser (3), betre (3), vem (3), under (3), desse (3), vere (3), faktisk (3), senga (3), ambulansen (3), ville (3), besøk (3), halv (3), morgon (3), tema (2), god (2), verden (2), lita (2), deg (2), beste (2), august (2), oktober (2), blir (2), skatt (2), avslitt (2), selv (2), mistet (2), hvilke (2), vondt (2), hjertet (2), folk (2), sorga (2), lære (2), hjelpe (2), stunder (2), familien (2), vener (2), all (2), mange (2), flotte (2), nær (2), døden (2), miste (2), gledde (2), følgje (2), plutseleg (2), vekk (2), treffe (2), klart (2), bra (2), mine (2), morfaren (2), saknar (2), bæras (2), hjertas (2), slag (2), slått (2), koss (2), detta (2), drist (2), vær (2), fred (2), noke (2), fint (2), nok (2), kjenne (2), ingenting (2), jenta (2), seks (2), eine (2), sekundet (2), neste (2), lever (2), rare (2), vår (2), stod (2), vårt (2), stort (2), slapp (2), fylt (2), kjærleik (2), forstår (2), alder (2), føler (2), historia (2), inni (2), snudd (2), kjennest (2), grunnen (2), midt (2), sola (2), gått (2), ute (2), sei (2), ligg (2), berre (2), pytt (2), kjolen (2), full (2), sat (2), natt (2), rart (2), første (2), skuledagen (2), stor (2), tirsdag (2), fin (2), prøver (2), snopet (2), denne (2), stått (2), årets (2), starta (2), snop (2), vel (2), gav (2), veke (2), tatt (2), mest (2), liv (2), tok (2), rett (2), vegen (2), allereie (2), nyttårsaften (2), kvelden (2), nemleg (2), klarer (2), skriv (2), att (2), fälla (2), tårar (2), från (2), vännen (2), jag (2), åror (2), segla (2), förutan (2), vind (2), stadt (2), gåva (2), blanda (2), kjenslene (2), tenkte (2), minner (2), brudlaup (2), aller (2), likevel (2), legge (2), romet (2), tida (2), operasjonen (2), sju (2), heime (2), overførast (2), ortopedisk (2), avdeling (2), sjukehuset (2), lupa (2), enkel, temabilder, drevet, blogger, jason, morrow, følgjarar, brigg, helg, gasellene, hakalle, julefeiring, nyhuset, drøymehuset, noralill, bestemorteppe, hytta, par, tøfler, bloggepause, lyst, kjært, hjem, førjulstid, julibakken, velkommen, seksti, delt, hei, feen, kalkmaling, tyveri, fjeldborg, morgentur, tåke, noe, jeg, magritt, nepal, 2018, nepaltepper, pynt, bloggar, juni, november, 2011, gte, mso, endif, farmo, bloggarkiv, abonner, atom, startsiden, eldre, kulen, ditt, hjerte, trekantenes, gang, slipp, villet, unnvære, tapt, overskygger, savnet, gleden, støtte, mottar, fra, omgivelsene, våre, ressurser, hvor, lang, prosessen, beror, hva, prosess, glir, uten, smerte, trekantens, kule, gjør, forferdelig, risper, trekant, dreier, kinesisk, visdomsord, fine, avsluttar, personleg, gitt, innblikk, leve, tunge, gler, ungane, naturen, omtanken, fjerne, nære, sluttar, forundre, trøystar, blomar, klem, ufatteleg, heldig, menneskjer, slår, ring, stiller, takksam, absolutt, tristast, eksamen, fanteri, fann, sto, gjerne, oppleve, tapet, omfattande, grip, delar, enn, aner, høvdingen, himmelen, skje, behov, håpe, eingong, stad, huset, sakna, skuledag, spennande, fisketur, sine, familiar, bris, storm, lik, glade, bur, liding, tenke, simpelthen, brutt, linjå, lov, håpa, forklara, besta, finaste, vara, begripa, fall, spelte, song, bjørn, eidsvåg, gravferda, eldste, snart, høyrte, klarde, gråte, beskriv, treffande, fleire, rokka, jordskjelv, smerteleg, skjørt, brått, snu, trygge, grus, tankane, gripe, livredd, galen, hoppe, høge, fjell, spare, pensjonist, reise, flytte, afrika, vitsen, bil, kvifor, studere, jobbe, meininga, tryggheit, følelesen, beskrivast, fundament, familie, støtt, einige, krangle, stå, like, sta, begge, huttetu, ofte, smule, fortvila, trengte, usemjene, fort, gløymde, tøft, hendene, brukte, lettare, randa, ubetinga, forelder, uansett, aleine, festet, generasjonane, ansvaret, kaos, faren, røska, fillerista, kjendes, heldt, fast, nøydd, bitar, naturleg, skrive, unaturleg, blogge, reflektere, låkt, inderleg, muntert, fuglekvitter, lukkeleg, barnelatter, nyt, luktene, jord, gras, skog, saltvatn, gjødsel, varmar, deilig, hint, grille, marshmallows, annéa, gråten, sludda, desserten, smask, flott, kar, sjeldant, bilete, husbonden, middag, bål, spikking, turen, grønfjellsvika, gele, bein, repet, nede, imponert, føter, speidar, beundring, strekninga, både, fornøgde, innsatsen, fjellet, målet, feiring, kaldekloven, hoho, langar, fjellgeitene, føringa, vandrer, freidig, slitsom, fløyte, stolt, russejente, klarte, heeeilt, russeknute, minutt, gledd, størstejenta, rosaruss, døypt, sangfuglen, onsdag, lufta, søndag, tekst, melodi, ingebrigt, davik, fell, skulestova, vill, lell, hoppar, hjarte, visst, gruer, høyre, eventyr, rekne, tekne, troll, dyr, eigen, pult, knagg, bort, bakken, slottet, bestemor, jul, nisteboksen, bok, namnet, pennal, fargekritt, finast, ransel, sett, bak, ryggen, dinglar, lett, liten, fot, halde, skoen, rein, stein, tenk, kuleramma, frøken, drøymde, skulen, knapt, blunda, raude, himmelblå, skin, trappa, vinkar, mor, himmel, høg, merkedag, minne, sette, prosjekt, utfordringa, kjempelenge, liksom, sjansen, skremmande, oppdage, situasjonar, lært, leeengste, fristelsar, kremt, kjeks, anna, kakestykke, reglane, iallfall, kjenst, jernvilje, satsa, fyrst, liksågodt, omfattar, snacks, slags, godteri, truleg, maks, jula, mett, maten, skikkeleg, etegilde, ansvar, tømme, lagera, søtsaker, kvart, starten, vaksne, unntak, klisjeen, ganske, sikker, klasse, kalle, drog, gardinene, kjøkenet, klatra, skapet, kokesjokolade, hovudverk, sjøsjuke, derpå, hjelper, elskar, syns, forventningar, skuffa, fordi, fantastisk, verkeleg, sannsynlegvis, mosjon, involvert, planen, mørkast, kaldast, stormar, regn, trimme, minst, massevis, kakerestar, julegodt, skap, skuffer, slutte, jammen, unde, rleg, jepp, tenkt, dårlege, vanar, problem, finne, tolv, månader, enkelt, genialt, mellom, bloggen, prestasjonsangst, stikk, hol, bobla, presentere, nyttårsforsettet, utfordring, svensk, folkemelodi, skiljas, skiljast, kristoffer, fotfeste, ringde, uvanleg, høgt, telefonen, norsk, attraksjon, mgp, hytte, tven, laga, pizza, laurdagskos, barne, slappa, sofakroken, laurdagsgraut, heil, ruskeveret, reiste, hyttebesøk, morsdagsgåver, pakka, bilen, kle, akebrett, mandag, roadtrip, kjæleikshelg, tretopphytte, overnatting, verka, fornøgd, gjennomført, resultat, årsdagen, kallast, ide, gjev, kjære, feiringa, eksamenslesing, snørr, tårer, sveiper, føtene, unna, vanleg, greitt, tenker, forhalde, vekke, reflektert, såre, leiter, slike, spesielle, triste, dottera, pappaen, staden, lukkelege, kona, feire, gifta, bursdag, gje, kjende, brudlapsdag, stas, kvarandre, bileta, mimrar, ynskte, nydelege, gjestar, vêr, brud, mann, nærmaste, samla, norddal, perle, kjempefin, brudlaupsdag, mannen, gifte, gravferd, lørdag, avgjersle, glede, oppe, masa, mottaket, kven, supane, drikke, orka, opplysningane, eksempel, papir, lure, fleste, skulda, påpassa, femten, hjelparar, radiolog, bioingeniør, fysioterapeut, legar, sjukepleiarar, fire, hjelpepleiarar, timane, ilag, møtte, einsam, hjelpelaus, samtidig, hjelparane, menneske, ting, fortare, venter, betydde, kosta, overlevd, sliten, ung, frisk, aldeles, utkjørt, fare, elleve, låg, lækt, stelt, heldigvis, prioriterte, framme, undersøkt, kome, trengde, ledig, sengeplass, seint, kveld, garde, pris, seie, feber, låk, hals, smerter, minimalt, matinntak, utslitt, timar, døgnvill, duppa, gongar, bruker, tillegg, vaken, deler, forstyrra, sidemannen, sitt, henta, bestemte, bestilt, overraska, utpust, ettermiddag, forsvare, utsette, overflytting, kontakt, sjukeheimane, område, treng, sengene, nyheiter, flytta, måndags, formiddag, dårleg, leggast, intensivavdelinga, telefon, innstilt, klare, søndags, utsett, bestemt, opererast, laurdags, ambulanse, konstatert, brot, kneet, protese, kne, hoft, derfor, ålesund, førre, datt, badet, toalettbesøk, uendeleg, snill, dame, personlegdom, farmora,
Text of the page (random words):
ngeniør ein radiolog femten hjelparar godt påpassa for all del men og kva kan ein gjere med det eg prøver ikkje å legge skulda på nokon eg veit at dei aller fleste gjer så godt dei kan eg kan likevel ikkje la vere å lure på om vi kan gjere det betre om vi vil gjere det betre hadde ikkje eg vore der i går hadde dei då masa på ambulansen kor lenge ville ho vore i mottaket i volda kven ville fått i ho dei få supane med drikke ho faktisk orka dei opplysningane eg gav stod for eksempel ikkje på noko papir og så vidare eg kan med glede fortelje at farmor har vore oppe av senga i dag likevel tok dei rett avgjersle i går lagt inn av ann sofi kl 20 04 5 kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest lørdag 25 mai 2013 brudlaup og gravferd no har eg og den kjekke mannen min vore gifte i fem år vi hadde tre brudlaupsdag i går faktisk 24 05 08 vi hadde ein kjempefin dag eit lite brudlaup med dei aller nærmaste samla i norddal ei perle nydeleg mann nydeleg brud om eg skal sei det sjølv nydelege gjestar nydeleg mat og nydeleg vêr dagen var alt eg ynskte meg og enno meir gode minner kvar brudlapsdag har vi gjort litt stas på kvarandre og vi ser litt på bileta frå dagen mimrar eg tenkte aldri at denne dagen 24 05 skulle gje meg desse blanda kjenslene eg kjende på i går vi gifta oss på pappa sin bursdag i går hadde han vorte 56 år så i staden for å vere den lukkelege kona og feire fem flotte år vart eg den triste dottera som saknar pappaen min det er rart korleis desse såre kjenslene leiter seg opp når det kjem slike spesielle dagar sånn til vanleg går dagane greitt eg tenker på pappa kvar dag men eg klarer å forhalde meg til at han er vekke på ein reflektert måte men så kjem det ein dag som i går og den sveiper føtene unna under meg dagen i går vart fylt med eksamenslesing snørr og tårer og kjærleik feiringa tek vi igjen eg har ein ide om at gåva eg gjev til min kjære skal ha same tema som det årsdagen kallast eg har gjennomført det med blanda resultat men han verka veldig fornøgd med gåva i går overnatting i ei tretopphytte då vert det roadtrip og kjæleikshelg lagt inn av ann sofi kl 13 46 2 kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest mandag 11 februar 2013 for eitt år sidan for eitt år sidan i dag pakka vi bilen full av mat kle og akebrett og nokre morsdagsgåver reiste vi på hyttebesøk til kjekke vener var vi ute ein heil dag i ruskeveret ved stadt åt vi laurdagsgraut og slappa av i sofakroken såg vi barne tv og åt snop laga vi pizza til laurdagskos såg vi norsk attraksjon og mgp på hytte tven ringde telefonen min uvanleg høgt og livet mitt vart snudd opp ned og eg mista fotfeste etter tre ord pappa er død for eitt år sidan frå stadt 11 02 2012 kristoffer vem kan segla förutan vind vem kan ro utan åror vem kan skiljast från vännen sin utan att fälla tårar jag kan segla förutan vind jag kan ro utan åror men ej skiljas från vännen min utan att fälla tårar svensk folkemelodi lagt inn av ann sofi kl 19 45 4 kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest torsdag 31 januar 2013 ei utfordring vert så lenge mellom kvar gong eg skriv noko her på bloggen så eg får nesten prestasjonsangst når eg endeleg skriv så eg stikk hol på bobla med å presentere nyttårsforsettet mitt ein måte utan ein månad med genialt spør du meg og veldig enkelt eg har nemleg tenkt å ta tak i nokre dårlege vanar i 2013 og det ser ut som eg har nokre for eg trur eg utan problem klarer å finne nok til tolv månader jepp januar er årets verste månad syns eg ein har store forventningar til eit nytt år og av og til kan ein verte skuffa allereie på nyttårsaften fordi kvelden ikkje vart så fantastisk som ein kanskje såg for seg eg hadde ei n fin nyttårsaften i år altså så kjem dei fyrste dagane der ein verkeleg ser for seg at ein endeleg har tatt tak og starta eit nytt og betre liv sannsynlegvis er mat og mosjon involvert i den planen og er ikkje det unde rleg at i den månaden i året der det er mørkast og kaldast med stormar og regn så skal vi ut og trimme og ikkje minst i den månaden med massevis av kakerestar og mat og julegodt som ligg igjen i skap og skuffer så skal ein slutte og ete vi er no jammen litt rare som den klisjeen det er så høyrer det med til historia at eg elskar sjokolade eg føler meg ganske sikker på at eg er i klasse med dei verste om ein kan kalle det det det ha vore sånn heile livet frå eg drog for gardinene på kjøkenet med farmor så mamma rett over vegen ikkje skulle sjå at eg klatra i skapet og tok kokesjokolade i ein alder av 4 år eg har ete sjokolade mot hovudverk sjøsjuke og dagen derpå og det hjelper kvar gong eg trur at eg har ete sjokolade kvar dag i heile mitt vaksne liv med få unntak januar er den månaden eg et mest gjennom heile året trur eg så det var den starten på året i jula vert eg mett av å sjå på maten så i januar har eg eit skikkeleg etegilde og tek ansvar for å tømme lagera for søtsaker kvart år men i år eg har tatt den verste utan fyrst eg starta liksågodt året med ein månad utan snop det omfattar snacks og alt slags godteri vel den som kjenner meg godt gav meg truleg maks ei veke eg satsa på tre dagar men trur du ikkje at eg har jernvilje då for her er jenta som har klart det i 31 dagar i årets leeengste månad har iallfall kjenst slik ut har eg stått i mot alle fristelsar kremt det har kanskje vorte nokre kjeks og eitt og anna kakestykke men det var det ikkje sagt noko om i reglane det eg har lært er det er skremmande å oppdage kor mange situasjonar eg tenkjer på sjokolade når snopet står der kjennest det ut som eg må ta liksom som eg aldri får sjansen igjen og kanskje det verste snopet har vart kjempelenge denne månaden har stått nesten heilt i fred og det beste eg klar te det så sånn er det her tek du utfordringa og prøver du også ha ein fin februar no skal eg sette i gong med eit nytt prosjekt lagt inn av ann sofi kl 21 29 3 kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest tirsdag 21 august 2012 ein merkedag eit minne for livet første skuledagen min himmel høg og verda stor der på trappa vinkar mor første skuledagen min ikkje rart at sola skin hit eit steg og dit eit steg dansar eg fram på skuleveg kjolen den er himmelblå med ei raude marihøne på knapt eg blunda siste natt drøymde eg på skulen sat frøken ba om to frå ti tenk eg ga ho kuleramma mi hit eit steg og dit eit steg dansar eg fram på skuleveg rundt ein pytt og over stein liten fot skal halde skoen rein bak på ryggen dinglar lett finast ransel eg har sett med pennal og fargekritt på ei bok står heile namnet mitt hit eit steg og dit eit steg dansar eg fram på skuleveg eg har nisteboksen full den eg fekk av bestemor til jul bort på bakken slottet står eigen pult og knagg eg får rekne tekne troll og dyr også høyre eventyr hit eit steg og dit eit steg dansar eg fram på skuleveg no skal heile verda sjå kjolen min har marihøne på det er visst slik eg gruer litt hoppar ikkje hjarte mitt i skulestova vill eg lell pytt eg tar det heile som det fell hit eit steg og dit eit steg dansar eg fram på skuleveg no kan heile verda sjå berre eg har marihøne på tekst og melodi ingebrigt davik lagt inn av ann sofi kl 13 03 ingen kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest søndag 29 april 2012 vår det ligg i lufta størstejenta er rosaruss i år og vart døypt sangfuglen på onsdag åh kor vi har gledd oss til dette fyrste russeknute ete ein is på tre minutt den klarte ho heeeilt fint for å sei det sånn stolt russejente med ei litt slitsom fløyte i dag har vore ein nydeleg dag vi har vore ute heile dagen vi vandrer med freidig mot fjellgeitene tek føringa hoho kor dei langar ut ei lita feiring av oss sjølve ved kaldekloven det var eigentleg målet i dag men trur ikkje du at vi gjekk heile fjellet då både små og store er fornøgde med innsatsen og vi speidar med beundring tilbake på strekninga vi har gått eg er imponert over små føter i dag altså nede med gele bein etter å ha gått ned repet så gjekk turen vidare til grønfjellsvika litt spikking eit bål og middag og noko så sjeldant som eit bilete av husbonden flott kar smask til slutt desserten annéa var nesten på gråten i går då sludda det vi får aldri grille marshmallows vi men i dag vart det og med eit hint av sjokolade ein deilig dag eg kjenner sola som varmar litt meir i dag eg nyt luktene av jord gras skog saltvatn og gjødsel eg høyrer muntert fuglekvitter og lukkeleg barnelatter eg vert så inderleg glad eg kjenner at eg lever lagt inn av ann sofi kl 23 18 2 kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest torsdag 15 mars 2012 ein skatt i hjertet eg kjenner det er naturleg å skrive eit innlegg om sorg no det hadde vore unaturleg å blogge vidare utan men det er veldig vanskeleg å reflektere over noko så låkt og så stort når eg er midt opp i det no er det over ein månad sidan eg mista faren min sidan livet mitt heilt plutseleg vart røska tak i fillerista og snudd opp ned det kjendes slik dei fyrste dagane ingenting var på plass inni meg noko av det som heldt meg fast var vekk det kjennest i grunnen sånn enno sjølv om eg har vore nøydd å få nokre bitar på plass igjen det er enno kaos inni meg eg trur ikkje ein forstår korleis det er å miste ein forelder før ein har gjort det kanskje uansett kva alder det skjer i eg føler eg har mista ein del av historia mi på ein måte og eg forstår at eg skal verte heilt aleine ein gong utan dette festet i grunnlaget og generasjonane før meg eg vil få ansvaret på ein måte ein pappa er grunnlaget for sjølve livet eg hadde ikkje vore her utan han min pappa var eit fundament i vår familie han stod støtt og vi visste at han var der alltid eg og pappa var ikkje einige i alt vi kunne krangle og stå på vårt like sta begge to huttetu mamma var ofte ein smule fortvila men eg visste alltid at han var der om eg trengte han same kor stort eller lite det var og usemjene vart fort gløymde for sånn var pappa han visste ikkje kva godt han kunne gjere for meg om eg hadde det tøft han slapp det han hadde i hendene og kom om han kunne hjelpe han brukte mykje av si tid for å gjer livet lettare for meg og for oss han var så til randa fylt med ubetinga kjærleik til meg og til heile familien og vi visste det alle saman å ha ei sånn tryggheit i livet følelesen kan ikkje beskrivast med ord no er på ein måte heile grunnlaget mitt rokka ved som eit jordskjelv eg har vorte smerteleg klar over kor skjørt livet er og kor brått alt kan snu alt det trygge kan dette i grus frå det eine sekundet til det neste det er sånn det eine sekundet lever du i det neste er du død og slik skal det verte for alle tankane mine vert litt sånn rare av det litt sånn korleis skal eg gripe an livet vidare skal eg verte livredd for å dø for at andre skal dø skal eg verte heilt galen og hoppe ut frå høge fjell skal eg spare til eg vert pensjonist skal eg reise verda rundt eller flytte til afrika kva er vitsen med ny bil kvifor lære studere jobbe kva er meininga eigentleg vi spelte ein song av bjørn eidsvåg i gravferda slutt når eldste jenta mi på snart seks år høyrte den klarde ho endeleg å gråte over morfaren sin den beskriv så treffande kva eg og ho og kanskje fleire tenkjer om livet og døden for det tenkjer eg mykje på så drist eg meg te å spør koss e nå detta her når hjertas siste slag har slått ka e det då som skjer e det bare slutt og ka e i så fall det ka e ingenting kan me begripa ka det e eller e det noke som alltid vil vara det besta og finaste i oss det me ikkje kan forklara det må vær lov å håpa på at slutt ikkje e slutt eller blir linjå te alt me kjenne simpelthen bare brutt eg vet kje ka eg tenke eg vet kje ka eg trur med liding e det nok av i den verden me nå bur eg ønske meg noke fint eg ønske meg litt fred og at me alle skal vær glade og lik oss der me e så drist eg meg te spør koss e nå detta her når hjertas siste slag har slått ka e det då som skjer eg vil kje bæras av ein storm eg vil bæras av ein bris så veit eg eigentleg ikkje heilt kva eg tenkjer om himmelen og kva som skal skje der men eg kjenner at eg har fått behov for å håpe på at eg vil treffe igjen pappa eingong ein stad at eg får fortelje han kva vi har gjort med huset at vi har klart oss bra og kor mykje eg har sakna han og at jentene mine får treffe igjen morfaren sin som dei saknar sånn og at dei skal få is og fortelje om fyrste skuledag ein spennande fisketur og sine familiar det som gjer meg tristast er kanskje at eg ikkje skal få fortelje pappa noko meir korleis det gjekk på eksamen eller kva fanteri jentene fann på i går at jentene måtte miste nokon som sto dei så nær som var så utruleg glad i dei og gledde seg sånn til å følgje dei fram gjennom livet han gledde seg til så mykje og eg skulle så gjerne ønske han fekk oppleve det og eg kjenner at tapet er så utruleg omfattande det grip om store delar av meg at han plutseleg er vekk kanskje meir enn eg enno aner for han kjem ikkje tilbake høvdingen er død døden er absolutt sorga mi er veldig personleg eg har gitt deg eit lite innblikk men sjølve sorga har eg i meg kvar dag eg skal lære å leve med den og det må eg gjere heilt sjølv ingen kan hjelpe meg eg må gjennom tunge stunder og eg gler meg over gode stunder for eg har det også saman med ungane familien min vener og naturen og all omtanken eg har fått frå fjerne og nære eg har sagt det før eg sluttar ikkje å forundre meg over kor mykje det trøystar nokre ord blomar eller ein god klem det gjer ufatteleg godt og eg kjenner meg så utruleg heldig som kjenner så mange flotte folk og som har menneskjer nær meg som slår ring og stiller opp når det vanskeleg eg er så takksam eg fekk nokre fine ord av nokre gode folk og eg avsluttar med dei kinesisk visdomsord sorg er som en trekant som dreier rundt i hjertet med spisser som risper det gjør vondt forferdelig vondt til trekantens spisser er avslitt og det bare er en kule igjen som glir rundt uten smerte sorg er en prosess som tar tid men den tar slutt hvor lang prosessen er beror på hva vi har mistet hvilke ressurser vi selv har og hvilke støtte vi mottar fra omgivelsene våre men når gleden over det du har hatt overskygger savnet av det du har mistet når du vet at du aldri villet unnvære det du har tapt selv om du var klar over at du en gang kanskje måtte gi slipp på det da er trekantenes spisser avslitt og kulen blir til en skatt i ditt hjerte dette var vanskeleg og godt lagt inn av ann sofi kl 15 22 5 kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest eldre innlegg startsiden abonner på innlegg atom bloggarkiv 2013 4 oktober 1 if gte mso 9 endif farmo mai 1 februar 1 januar 1 2012 4 august 1 april 1 mars 1 februar 1 2011 16 november 1 juni 1 mai 2 april 1 mars 5 februar 6 kjekke bloggar pynt for 4 år siden nepaltepper nepal 2018 for 7 år siden an magritt morgentur i tåke noe av det beste jeg vet om for 10 år siden fjeldborg kalkmaling og nesten tyveri for...
|