Meta tags:
Headings (most frequently used words):
2011, juni, torsdag, søndag, august, 2010, den, grønne, feen, lørdag, 18, 16, mandag, 30, mai, fredag, januar, 29, 22, bloggarkiv, om, meg, møt, min, assistent, akeleier, og, kvitt, stakitt, syrinduft, jeg, vet, en, deilig, have, godt, nytt, år, haustprosjekt, snekre, fuglekasser, hagedrøm,
Text of the page (most frequently used words):
som (10), eit (10), for (10), det (9), ein (9), ikkje (9), grønningen (8), hage (8), akeleier (7), 2011 (7), kommentarer (7), lagt (7), inn (7), til (7), med (7), mandal (7), har (6), #fuglekasser (6), hagen (6), frå (6), min (5), 2010 (5), etiketter (5), dei (5), juni (4), ingen (4), der (4), også (4), men (4), ved (4), august (3), syrinduft (3), den (3), gamle (3), skulle (3), fuglekasse (3), rundt (3), alle (3), seg (3), januar (2), mai (2), kvitt (2), stakitt (2), møt (2), assistent (2), innlegg (2), heile (2), søndag (2), mine (2), små (2), hausten (2), snekre (2), skal (2), opp (2), her (2), fins (2), mange (2), lett (2), eller (2), plass (2), kan (2), komme (2), kassa (2), fuglar (2), http (2), håpar (2), snart (2), godt (2), nytt (2), hagelag (2), historisk (2), andorsenhaven (2), ligg (2), arbeidet (2), dette (2), forvilla (2), tid (2), torsdag (2), veit (2), planten (2), gjer (2), kanskje (2), grønne (2), feen (2), skip (2), vis, hele, profilen, tregde, vest, agder, norway, meg, juli, bloggarkiv, abonner, atom, startsiden, eldre, denne, vannpumpa, såg, århus, sju, historiske, hagar, innanfor, bymurane, besøk, anbefalast, sterkaste, ynskje, hadde, slik, vannpost, eigen, hagedrøm, økologi, seinsommar, kjøleg, drag, lufta, prosjekt, kjem, hengast, skogsområdet, vårt, våren, triveleg, levande, tabell, viser, kva, dimensjonar, ulike, artar, treng, kassene, veldig, handy, fine, handelen, bare, hugs, sittepinne, sittepinnen, gir, nemlig, rovdyr, rovfuglar, tilgang, fuglekassa, nettbutikkar, søte, mulig, kjøpe, elevbedrifter, fengselsutsalg, finn, god, katten, reinske, gang, året, plasserast, solsteiken, vil, kokte, egg, stekt, kylling, lurar, noko, spør, ornitolog, www, fuglevennen, sporsmal, plassering, miljolare, aktiviteter, natur, bn4, kassetabell, php, haustprosjekt, blir, bra, oss, under, snøen, vaknar, røter, frø, liv, søker, mot, lyset, saman, fredag, midt, andorsengården, karakteristisk, bygård, 1801, folkebibliotek, bymuseum, held, hus, restaurert, tilbake, fordums, prakt, utforming, planteval, 1912, hageselskapet, fekk, hagekulturprisen, byselskap, parkvesenet, kommune, teke, del, berre, steinkast, unna, skriverhaven, ventar, liknande, tiltak, klipp, opninga, jeg, vet, deilig, have, mandag, syrin, duft, fotoapparat, duftfunksjon, hatt, dag, gjerne, delt, leser, vår, vesle, sørlandsby, syriner, overalt, hekkar, hageflekkar, store, tre, villahagar, oppover, skrentar, fjellsider, nokre, dagar, nok, stasen, avblomstra, heilt, neste, syrinsesong, heldigvis, står, høgdepunkta, utover, sommaren, roser, jordbær, fleirårige, plantar, soleiefamilien, blomar, lang, krum, honningspore, akeleie, gammal, kulturplante, kjent, medisinplante, hildegard, bingen, 1100, talet, danmark, nevnt, harpestreng, manuskript, 1450, noreg, kyrkje, klosterstader, mellom, anna, tautra, behandling, måtte, vere, forsiktig, doseringa, giftig, forgiftning, mennesker, vanleg, langt, påvist, moderne, kryssar, frøsår, villig, kvar, plante, lever, lenge, etter, høyrt, kvite, låge, syns, kjempesøte, dukkar, kring, etterkvart, kjelder, wikipedia, giftinformasjonssentralen, plantearven, ranunculaceae, aquilegia, kattepus, assistenten, fjerta, lofise, vart, ansatt, utsjånaden, sin, vinnande, vesen, nytte, skremme, vekk, jordbæråkeren, spise, insekt, skade, lørdag, sidebar, main,
Text of the page (random words):
den grønne feen skip to main skip to sidebar den grønne feen lørdag 18 juni 2011 møt min assistent dette er assistenten min fjerta lofise på 1 1 2 år ho vart ansatt for utsjånaden sin men har også eit vinnande vesen i hagen gjer ho nytte for seg ved å skremme fuglar vekk frå jordbæråkeren og ved å spise insekt som kanskje og kanskje ikkje gjer skade på hagen lagt inn av grønningen kl 08 50 5 kommentarer etiketter hage kattepus torsdag 16 juni 2011 akeleier og kvitt stakitt akeleier aquilegia er fleirårige plantar i soleiefamilien ranunculaceae dei har blomar med lang krum honningspore akeleie er ein gammal kulturplante kjent som medisinplante av hildegard av bingen på 1100 talet frå danmark veit vi at planten er nevnt i eit harpestreng manuskript frå 1450 og i noreg fins akeleier forvilla på gamle kyrkje og klosterstader mellom anna tautra ved behandling måtte ein vere forsiktig med doseringa for planten er giftig forgiftning av mennesker er ikkje vanleg og er så langt eg veit ikkje påvist i moderne tid akeleier kryssar og frøsår seg villig men kvar plante lever ikkje så lenge etter det eg har høyrt mine akeleier er kvite og låge eg syns dei er kjempesøte og håpar dei dukkar opp rundt om kring i hagen etterkvart kjelder wikipedia giftinformasjonssentralen plantearven lagt inn av grønningen kl 00 55 ingen kommentarer etiketter akeleier hage historisk hage torsdag 9 juni 2011 syrinduft fotoapparat med duftfunksjon skulle eg hatt i dag eg skulle gjerne delt syrinduft med alle som leser dette i vår vesle sørlandsby er det syriner overalt som hekkar rundt små hageflekkar som store tre i gamle villahagar og forvilla oppover skrentar og fjellsider om nokre dagar er nok heile stasen avblomstra og då er det eit heilt år til neste syrinsesong heldigvis står høgdepunkta i kø utover sommaren og hausten snart er det tid for roser og jordbær lagt inn av grønningen kl 04 05 3 kommentarer etiketter duft hage syrin mandag 30 mai 2011 jeg vet en deilig have midt i mandal andorsenhaven ligg ved andorsengården ein karakteristisk bygård frå 1801 der mandal folkebibliotek og mandal bymuseum held hus hagen er restaurert tilbake til fordums prakt med utforming og planteval som i 1912 hageselskapet mandal hagelag fekk hagekulturprisen 2010 for arbeidet med hagen mandal byselskap og parkvesenet i mandal kommune har også teke del i arbeidet og berre eit steinkast unna ligg skriverhaven og ventar på eit liknande tiltak her er eit klipp frå opninga i 2010 lagt inn av grønningen kl 06 31 ingen kommentarer etiketter andorsenhaven hage historisk hage mandal hagelag fredag 7 januar 2011 godt nytt år eg håpar 2011 blir eit bra år for oss alle og under snøen vaknar røter og frø til liv snart søker dei seg mot lyset godt nytt år alle saman lagt inn av grønningen kl 04 37 2 kommentarer søndag 29 august 2010 haustprosjekt snekre fuglekasser det er seinsommar og eit kjøleg drag i lufta eit av mine små prosjekt for hausten som kjem er å snekre fuglekasser som skal hengast opp rundt om i hagen og i skogsområdet vårt til våren det er triveleg med ein levande hage her er ein tabell som viser kva dimensjonar ulike artar treng på kassene http miljolare no aktiviteter by natur bn4 kassetabell php er du ikkje så veldig handy det fins mange fine fuglekasser i handelen også bare hugs at dei ikkje skal ha sittepinne sittepinnen gir nemlig rovdyr og rovfuglar lett tilgang til fuglekassa mange nettbutikkar har søte fuglekasser men det er også mulig å kjøpe fuglekasser frå elevbedrifter fengselsutsalg eller på finn no plassering av fuglekasse ein god plass for ei fuglekasse er ein plass der katten ikkje kan komme til men der vi lett kan komme til for å reinske kassa ein gang i året kassa må ikkje plasserast i solsteiken for vi vil ikkje ha kokte egg og stekt kylling lurar du på noko om fuglar eller fuglekasser spør en ornitolog http www fuglevennen no sporsmal lagt inn av grønningen kl 00 31 ingen kommentarer etiketter fuglekasse økologi søndag 22 august 2010 hagedrøm denne vannpumpa såg eg i den gamle by i århus som har heile sju historiske hagar innanfor bymurane eit besøk der anbefalast på det sterkaste eg skulle ynskje eg hadde ein slik vannpost i min eigen hage lagt inn av grønningen kl 02 49 ingen kommentarer eldre innlegg startsiden abonner på innlegg atom bloggarkiv 2011 5 juni 3 møt min assistent akeleier og kvitt stakitt syrinduft mai 1 januar 1 2010 7 august 3 juli 4 om meg grønningen tregde vest agder norway vis hele profilen min
|