Meta tags:
Headings (most frequently used words):
2014, januar, april, besøkande, nett, leritankar, tirsdag, 27, 2015, torsdag, juni, lørdag, 12, mandag, søndag, 23, mars, om, meg, min, bloggliste, bloggarkiv, følgere, på, no, sidan, starten, 2009, god, jul, kom, mai, du, skjønne, milde, nokre, bilete, frå, dei, siste, dagane, nordmørstur, farmors, fiskekaker,
Text of the page (most frequently used words):
til (28), var (23), med (22), det (22), for (19), som (15), han (15), ein (13), har (10), kristen (10), mai (9), her (9), inn (9), frå (9), #januar (8), siden (8), skulle (8), litt (8), opp (8), farmor (7), men (7), straumen (7), seg (7), kom (7), april (6), 2014 (6), meg (6), hildel (6), trygve (6), ikkje (6), mars (5), juni (5), september (5), oktober (5), god (5), der (5), ingen (5), lagt (5), fornøgd (5), molde (5), mamma (5), dei (5), nokre (5), februar (4), juli (4), august (4), november (4), desember (4), første (4), etiketter (4), kommentarer (4), godt (4), før (4), både (4), den (4), fekk (4), torsdag (4), eit (4), besøk (4), vart (4), martha (4), sidan (3), jul (3), 2015 (3), middag (3), fiskekaker (3), fiskebollar (3), blir (3), vel (3), vore (3), hus (3), sykehus (3), brynnhaugen (3), sjå (3), tek (3), alle (3), verandaen (3), får (3), tre (3), bilete (3), besøkande (2), 2009 (2), nett (2), the (2), min (2), bur (2), sørsida (2), katter (2), innlegg (2), hyse (2), morgon (2), same (2), deig (2), slutt (2), måtte (2), denne (2), nordmøre (2), ludvik (2), brutus (2), kjem (2), hennar (2), skal (2), att (2), fram (2), medan (2), set (2), nedom (2), kjellaug (2), sin (2), mor (2), hotell (2), vanleg (2), frukost (2), utsikt (2), mot (2), sykehuset (2), damene (2), bilkøyring (2), fint (2), køyrde (2), flott (2), veg (2), pga (2), serverte (2), prima (2), tid (2), mil (2), veldig (2), frukt (2), laurdagskvelden (2), tante (2), ungar (2), hadde (2), køyrt (2), henta (2), ungane (2), ned (2), stod (2), årsdag (2), dagen (2), skjolden (2), bileta (2), under (2), skulen (2), sørheim (2), tok (2), tog (2), gjekk (2), leritankar (2), overjordisk, tema, temabilder, drevet, blogger, lonelysnaildesign, starten, følgere, 2010, 2011, 2012, 2013, bloggarkiv, sirisverden, bloggbyte, mitt, framleis, urnesblogg, warm, little, knits, gretes, varmekilder, frustrert, måløys, hjørne, tenkjer, startar, blanke, ark, gitt, mannemi, halvdel, tru, preventing, problem, drinking, and, driving, kresmus, grottetur, larsbreen, mushamna, bloggliste, vis, hele, profilen, lustrafjorden, liten, brattlendt, gard, mann, gut, jenter, abonner, atom, startsiden, eldre, fiskemat, resultatet, heimelaga, sistnemnte, muskat, salt, eltast, deigen, speast, potetmjøl, kveitemjøl, mjølk, seig, grannaste, male, skiva, brukast, sjølvsagt, telefonisk, hjelp, tips, fiskemateksperten, instruerte, utførte, punkt, prikke, lenge, malt, fisk, skar, lauk, monterte, kverna, kenwooden, fileterte, ferdig, filet, heldig, ferdigsløgd, hodelaus, farmors, søndag, kristiansund, kommentar, når, joggedressen, fire, rundar, sykehusgangane, staden, dag, kveld, svipp, besøkt, pusta, utan, oksygen, panoramabilete, plass, venta, utskrivingspapira, sat, solveggen, kosa, sykehusverandaen, hanefar, ære, vekkje, hotellgjestar, hønene, hanen, ofte, runde, bror, skipskatt, noget, skeptisk, framande, hannkatten, katten, vår, inneber, dyreliv, super, strålande, vertinne, fin, averøya, road, again, ulike, del, lyt, proviant, særleg, kveldsturane, krev, sukker, koffein, pepsi, max, mykje, daglegstova, medisin, kaffe, vårsola, varta, seng, eminent, kvelden, besøkja, utsikta, igjen, ville, blomsten, lufta, kvila, hanne, føremiddagen, rakk, akkurat, seia, fraktast, mangel, helgevakt, bada, sol, likevel, svolten, slo, kebab, kjøttsuppe, heimom, pakka, etter, jobb, kul, stol, møbelbygda, fergetrøbbel, anda, lote, stopp, stranda, fergekai, vente, minutt, ferga, rundt, studere, minnesmerker, supert, køyrevèr, krangel, tomme, baksetet, langt, unna, bestemte, reise, heim, nordmørstur, mandag, lerum, fjære, såg, slik, kjøkkenglaset, fiskeutstyret, topp, forsøket, snudde, vasskanten, ser, kattholmen, fjæresteinane, kasta, stein, vatn, trivest, dordi, nok, kny, morgonen, sitta, lesa, bok, høner, hane, jaga, vandrar, mellom, strand, kantar, pris, nordmørs, livet, timane, borte, møttes, nordfjordeid, lag, returnerte, kvar, vårt, møte, damer, innom, laga, bærfat, vaniljesaus, velsmakande, kjellaren, påskepynten, boksen, lyste, hylla, bua, lokket, elles, stand, siste, dagane, lørdag, kvileplassen, ved, sanddungen, heng, tynn, tråd, sommarkveldane, fantatiske, tida, uteselskap, søndagskvelden, magne, oppi, solbakken, korkonsert, ettermiddagen, søndagen, heime, andre, inne, triveleg, sommardag, låven, oppe, inviterte, aslaug, øygarden, helga, kulturdagar, meste, foregikk, talar, stor, stas, stå, oppå, hengaren, materialen, lege, huset, prosjekt, slutten, skuleåret, knabba, eplet, gunn, såre, desse, godvèrstider, styr, vatning, klaga, bestefar, dagar, sette, nye, glas, fjøset, planta, jordbær, kjøkkenhagen, form, squash, tomat, oregano, aud, tusen, takk, agurk, grasløk, poteter, kome, jorda, nede, grendahuset, teater, flinke, servering, rømmegraut, spekemat, gong, nedlagt, korps, front, aldri, fjordblæsen, leia, melker, gode, hjelparar, hengt, kjempeflagg, prøva, oss, morgonbilete, trekløveret, reiste, fortun, kyrkje, heilt, rabiat, noko, matrosdress, hos, kjeveortoped, lærdal, tur, øyri, brannområdet, skjønne, milde, nisse, juletrefest, jule, farta, gåvene, traktorane, hjul, sær, frøken, julaften, nissen, redd, heile, tatt, berre, oppteken, pakkane, sekken, kraup, fanget, nissefar, tykte, stjernegut, oppvekstsenteret, juletrefesten, lykter, song, lyser, stille, grender, passa, jula, kan, angra, passiv, blogg, ligg, datamaskina, havarerte, eksterne, harddisken, likeså, tirsdag,
Text of the page (random words):
leritankar leritankar tirsdag 27 januar 2015 god jul datamaskina havarerte og den eksterne harddisken likeså no kan eg angra på passiv blogg for her ligg dei bileta vi har att her kjem nokre få bilete frå jula 2014 kristen var stjernegut då ungane på oppvekstsenteret kom inn på juletrefesten med lykter og song det lyser i stille grender martha passa godt på han julaften kom nissen på besøk og kristen var ikkje redd i det heile tatt berre oppteken av pakkane i sekken han kraup opp i fanget på nissefar og tykte det stod til ei fornøgd frøken kristen var så fornøgd med alle gåvene og traktorane og det som gjekk på hjul i sær jule martha i farta lagt inn av hildel kl 17 37 2 kommentarer etiketter jul juletrefest nisse torsdag 5 juni 2014 kom mai du skjønne milde mai kom og gjekk her er nokre bilete martha var hos kjeveortoped i lærdal og ho og trygve tok seg ein tur nedom øyri for å sjå på brannområdet 17 mai prøva vi oss på eit morgonbilete av trekløveret før damene reiste til fortun med kyrkje og tog men kristen var heilt rabiat noko matrosdress skulle ikkje han ha på seg i år var det 17 mai tog på sørheim for første gong sidan skulen her vart nedlagt og korps i front har det aldri vore før fjordblæsen leia an og melker og gode hjelparar hadde hengt opp eit kjempeflagg nede i grendahuset var det teater med flinke ungar og servering av god rømmegraut og spekemat bestefar var på besøk nokre dagar og sette inn to nye glas i fjøset martha og han planta jordbær og kjøkkenhagen hennar tok form no er squash tomat og oregano som ho fekk av aud tusen takk og agurk og grasløk litt poteter kome i jorda i desse godvèrstider er det litt styr med vatning men det får ein ikkje klaga på skulen har sørsida som prosjekt no på slutten av skuleåret og den dagen dei var på sørheim var kristen og trygve med her har han knabba eplet til gunn og er såre fornøgd kristen og trygve har køyrt opp materialen som har lege ned under huset stor stas å stå oppå hengaren hm bileta under talar vel for seg i helga var det kulturdagar på skjolden og der var vi med på det meste som foregikk laurdagskvelden var vi inviterte på 85 årsdag til aslaug på øygarden og det vart ein triveleg sommardag på låven der oppe søndagen var kristen og eg heime på dagen medan dei andre tre var inne på skjolden eg var inn på korkonsert om ettermiddagen veldig fint søndagskvelden var det 67 årsdag til magne oppi solbakken og sommarkveldane er fantatiske for tida uteselskap med flott utsikt kvileplassen ved sanddungen heng i ein tynn tråd lagt inn av hildel kl 17 48 ingen kommentarer lørdag 12 april 2014 nokre bilete frå dei siste dagane då eg skulle ned i kjellaren for å henta fram påskepynten stod denne boksen og lyste mot meg frå hylla i bua får ikkje av lokket men elles er han i prima stand då nokre damer kom innom på besøk til mamma laga vi til eit frukt bærfat som vi serverte med is og vaniljesaus til velsmakande torsdag køyrde eg trygve i møte for å henta ungane vi møttes på nordfjordeid og åt middag i lag før vi returnerte kvar til vårt 45 5 mil hadde eg køyrt på dei 11 timane eg var borte kristen set pris på nordmørs livet han vandrar mellom tre hus og strand på alle kantar og både høner hane og katter blir jaga tante dordi har tre ungar i hus og kristen er nok godt fornøgd med ei tante som tek han opp på første kny om morgonen av og til har han tid til å sitta i ro og lesa i bok i fjæresteinane får han både kasta stein og gå i vatn der trivest han godt her ser det ut som han er på veg ut til kattholmen men han snudde då han kom til vasskanten fiskeutstyret var ikkje på topp men han skal ha for forsøket laurdagskvelden såg det slik ut frå kjøkkenglaset i straumen lagt inn av hildel kl 23 49 ingen kommentarer etiketter bilkøyring fjære frukt kristen lerum nordmøre straumen mandag 7 april 2014 nordmørstur torsdag bestemte eg meg for å reise heim med både mamma og farmor på sykehus vart 40 mil veldig langt unna supert køyrevèr og ingen krangel i det tomme baksetet pga fergetrøbbel på anda lote vart første stopp stranda fergekai der eg måtte vente 40 minutt på ferga fekk god tid til å sjå meg litt rundt og studere minnesmerker kul stol i møbelbygda trygve serverte prima kjøttsuppe då eg var heimom og pakka etter jobb men eg var likevel litt svolten og slo til med ein kebab straumen bada som vanleg i sol då hanne og eg kom ut til sykehuset på føremiddagen rakk vi akkurat å seia ha det til farmor som skulle fraktast til molde pga mangel på helgevakt ho ville ikkje ha med seg blomsten sin så den fekk lufta seg og kvila seg litt på veg opp til mamma igjen om kvelden køyrde eg til molde for å besøkja farmor utsikta frå verandaen var flott hotell brynnhaugen varta opp med god seng eminent frukost og kaffe i vårsola på verandaen mykje fint besøk på daglegstova på medisin a med damene på to ulike sykehus blir det ein del bilkøyring og då lyt ein ha proviant særleg kveldsturane frå molde krev litt sukker og koffein pepsi max on the road again fin utsikt mot averøya frå verandaen på sykehuset som vanleg super frukost i straumen med ei strålande vertinne hotell straumen inneber dyreliv her er hannkatten brutus som er mor til kjellaug katten vår kjellaug sin bror ludvik er skipskatt som mor si og noget skeptisk på framande hønene og hanen som bur på brynnhaugen tek seg ofte ein runde nedom straumen hanefar set si ære i å vekkje alle hotellgjestar medan vi venta på utskrivingspapira til mamma sat eg i solveggen og kosa meg på sykehusverandaen og her er eit panoramabilete frå same plass i kveld har eg vore ein svipp i molde og besøkt ei farmor som pusta utan oksygen når eg kjem med joggedressen hennar i morgon skal du sjå ho tek fire rundar att og fram i sykehusgangane i staden for to i dag lagt inn av hildel kl 22 17 1 kommentar etiketter brutus brynnhaugen farmor kristiansund ludvik mamma molde nordmøre straumen sykehus søndag 23 mars 2014 farmors fiskekaker torsdag var eg så heldig å få vel 3 kg ferdigsløgd hodelaus hyse i hus trygve fileterte og fekk til slutt 1 6 kg ferdig filet eg skar opp ein lauk og monterte opp kverna på kenwooden lenge sidan det har vore malt fisk på denne sjølvsagt måtte eg ha litt telefonisk hjelp og tips frå fiskemateksperten farmor og ho instruerte og eg utførte til punkt og prikke den grannaste male skiva skulle brukast så skulle salt eltast inn i deigen før det skulle speast med 1 1 2 ss med både potetmjøl og kveitemjøl til slutt vel 3 dl mjølk til seig deig same deig til fiskekaker og fiskebollar men i sistnemnte skulle det litt muskat i godt fornøgd med resultatet i morgon blir det heimelaga fiskebollar til middag lagt inn av hildel kl 18 06 ingen kommentarer etiketter farmor fiskebollar fiskekaker fiskemat hyse middag eldre innlegg startsiden abonner på innlegg atom om meg hildel bur på sørsida av lustrafjorden på ein liten brattlendt gard med ein mann ein gut to jenter og to katter vis hele profilen min min bloggliste mushamna grottetur larsbreen for 10 år siden kresmus preventing the problem of drinking and driving for 10 år siden der ingen skulle tru mai 2015 første halvdel for 11 år siden mannemi då tenkjer eg me startar med blanke ark gitt for 11 år siden i måløys hjørne frustrert for 14 år siden gretes varmekilder warm little knits for 14 år siden urnesblogg me er framleis her for 15 år siden meg om mitt bloggbyte for 15 år siden sirisverden bloggarkiv 2015 1 januar 1 god jul 2014 9 juni 1 april 2 mars 3 januar 3 2013 64 desember 3 oktober 7 september 6 august 8 juli 18 juni 3 mai 2 april 4 mars 6 februar 2 januar 5 2012 22 desember 6 november 4 oktober 2 september 5 februar 1 januar 4 2011 48 november 4 oktober 4 september 10 august 1 juli 6 juni 3 mai 3 april 4 mars 4 februar 5 januar 4 2010 20 desember 5 november 4 oktober 6 september 1 august 1 juli 1 mai 2 2009 39 desember 1 november 3 oktober 2 september 2 august 1 juli 2 juni 3 mai 3 april 3 mars 5 februar 6 januar 8 følgere besøkande på nett nett no besøkande sidan starten i januar 2009 overjordisk tema temabilder lonelysnaildesign drevet av blogger
|