Meta tags:
Headings (most frequently used words):
oktober, 2026, dagbok, 30, 29, 28, 27, 26, 24, besta, fredag, torsdag, onsdag, tirsdag, mandag, lørdag, søk, denne, bloggen, om, meg, bloggarkiv, lappetausa2, etiketter, 25, rapporter, uriktig, bruk,
Text of the page (most frequently used words):
det (79), har (55), #oktober (43), men (42), ikkje (34), 2026 (33), for (29), til (27), som (25), dag (22), november (22), del (22), var (21), juli (21), september (21), mai (20), januar (20), august (20), februar (20), vore (19), dette (19), desember (19), mars (19), april (19), juni (19), dagbok (18), meg (18), siden (17), ein (17), 2020 (16), 2013 (16), 2019 (15), 2018 (15), 2017 (15), bøker (15), 2010 (15), litt (15), 2012 (14), 2011 (14), 2016 (14), 2015 (14), 2014 (14), med (14), ute (14), 2008 (12), 2009 (12), 2021 (12), 2022 (12), 2023 (12), 2024 (12), 2025 (12), skal (11), dei (10), klokka (10), den (9), ingen (9), der (9), alle (8), blogg (8), vere (8), også (8), kan (7), eit (7), bra (7), pinterest (7), facebook (7), send (7), via (7), post (7), kommentarer (7), når (6), god (6), seg (6), stund (6), heilt (6), ver (6), mykje (6), heime (6), temperaturen (6), blir (6), heile (6), dagen (6), hadde (6), her (6), vermelding (5), tur (5), lite (5), strikka (5), besta (5), 2007 (5), grader (5), etter (5), kvart (5), sjå (5), skulle (5), hos (5), trur (5), dagar (4), langt (4), laga (4), vel (4), berre (4), elles (4), siste (4), solveig (4), oss (4), graderc (4), sidan (4), par (4), noko (4), morgon (4), like (4), over (4), mørkt (4), vart (4), att (4), margrete (4), slik (4), hugsar (4), tida (4), kveld (4), mange (4), før (4), mat (3), eid (3), vis (3), fredag (3), fekk (3), olaug (3), frå (3), ørsta (3), lappetausa (3), blog (3), ingeborg (3), lystad (3), no17 (3), skya (3), opplett (3), kunne (3), sikkert (3), min (3), meir (3), åleine (3), venstre (3), godt (3), aldri (3), håper (3), nettopp (3), trudde (3), heller (3), kom (3), oppe (3), marit (3), lest (3), fyller (3), kino (3), nokre (3), stor (3), gjort (3), anna (3), strikke (3), han (3), køyrde (3), tidleg (3), rekkedal (3), sitte (3), andre (3), feire (3), kjem (3), besøk (2), blomster (2), gratulasjonar (2), gamle (2), denne (2), verdal (2), gjekk (2), julekule (2), kjekt (2), jul (2), fann (2), lage (2), cupcakes (2), måtte (2), våre (2), gong (2), hausten (2), pensjonistlag (2), new (2), lappetausa2 (2), barnebarnet (2), bort (2), gammal (2), hans (2), bok (2), serien (2), storytel (2), sprek (2), både (2), kallar (2), strikkar (2), startsiden (2), snart (2), sjølv (2), skyer (2), sola (2), huset (2), halde (2), innlegg (2), torde (2), grunn (2), enkelt (2), slå (2), sommartida (2), tid (2), gått (2), søndag (2), først (2), ingenting (2), lyst (2), kvelden (2), form (2), sat (2), ferdig (2), mor (2), nyheiter (2), igjen (2), onsdag (2), venninne (2), akkurat (2), liten (2), familie (2), likar (2), enn (2), ete (2), rasmus (2), fall (2), regn (2), regnar (2), meste (2), butikken (2), går (2), finn (2), storfamilien (2), lester (2), korleis (2), veit (2), mine (2), middag (2), volda (2), takk (2), dagslys (2), syntest (2), stad (2), heim (2), prata (2), blitt (2), tidlegare (2), jubilanten (2), enno (2), ser (2), veldig (2), fram (2), markens (2), grøde (2), døtrene (2), tek (2), vondt (2), bildevindu, tema, drevet, blogger, turar, skog, mark, tilbakeblikk, sommarfuglar, reiser, plantar, musikk, drikke, kulturarrangement, handarbeid, feiringar, fisk, fiskeri, filmar, familiebilde, diverse, daglegliv, etiketter, rapporter, uriktig, bruk, brundalen, amanda, helga, gamleguten, blese, støvet, gitaren, drog, saman, kjekke, karar, spelejobb, reise, timane, hestejazz, bakkelars, tenk, strikkemor, klarte, farsotten, arne, carlos, svigerinna, oslo, raude, kvite, kula, ring, lillemø, follow, weheartit, endeleg, anledning, sist, sommaren, små, sin, matblogg, møtet, utdeling, premiar, gylne, spaserstokk, snakka, terje, kjøde, dialektar, paul, sandange, ingars, bursdag, kongsbergtigrane, sorry, announce, that, will, closed, more, posts, please, visit, here, www, blogspot, com, thank, you, raskt, førjulsprosjekt, mønsteret, juleheftet, sandnesgarn, fritidsgarn, børsta, alpakka, brukt, lang, remse, krans, hildeb, gifta, vårt, ingrid, strøm, bergset, trygve, leite, kyrkje, fin, høgtideleg, kyrkja, bryllaupsfeiring, juv, hildegard, stiller, livsverket, måla, liv, fjor, etterlet, magisk, dato, dear, jane, blokker, sydde, kragset, bjørg, jørgen, damman, øyenstikker, side, petter, jarle, erstad, døydde, miste, ven, nabo, fleire, stades, under, gravferda, hareidskyrkja, memoriam, øysteinblog, uke, vito, porsgrunn, fire, førebels, ligg, nummer, kaja, 2000, frederik, svindland, ariel, time, bloggarkiv, hele, profilen, mormor, farmor, derfor, teke, namnet, bloggnamn, endå, pensjonist, held, året, engasjert, les, helst, lydbøker, lestar, barnebarna, søk, bloggen, framleis, sol, tatt, tru, strålande, skin, lette, himmelen, minus, grade, far, ønsker, skikkelige, tova, fiskarvottar, hendene, varme, all, slags, søkt, nettet, oppskr, vadvottar, ikkj, abonner, atom, eldre, helg, fortelje, foten, orden, varer, rimeleg, måtar, forstått, laurdagskveld, kaffien, vite, visstnok, avslutte, greitt, normal, stadig, problem, trudd, sjekka, henge, henta, avisa, øyeblikk, visste, kva, bildet, tok, klokka18, lørdag, stille, levde, tvil, kome, inn, datamaskina, utover, ettermiddagen, mestepaten, utpå, dotter, grønland, kjenner, såg, høyrt, fødselsdags, selskap, laurdag, vekkreist, døtra, heiter, marie, gut, fleste, vekke, føler, einsam, type, alltid, strikketøy, 62år, lenge, tll, verda, sjukehuset, slike, hendingar, mora, berrfrost, isande, kaldt, sjeldan, slikt, lett, inne, unntak, føremiddag, fyrer, omnen, brukte, fyrstikka, påfyll, manglar, likevel, mandag, får, kanskje, legge, opp, føter, overvinnlege, framme, haustleg, grunnen, gjestegard, spent, ting, referat, pigg, kvifor, altså, årsgilde, lærar, venninnene, sete, bekmørkt, vintertid, vert, fort, vande, mørke, kveldane, tirsdag, kjekk, heimvegen, køyre, tone, døra, spennande, frammand, nær, mellom, store, nære, fjell, uhyggelege, jobba, velle, skule, sette, bordet, kosa, vertinne, fortalde, garden, kafe, regna, innimellom, invitert, kollega, feiringa, løe, ombygd, kjende, nokon, bortover, frakta, astrid, mannen, hennar, reiste, hand, borddekkinga, no16, overskya, godsaker, kjøleskapet, svelt, morgondagen, hentar, gleder, lese, boka, desse, vare, sjølvsagt, hjelp, hjelpsom, borte, fiksa, bilen, jobb, no20, fullt, seie, skryte, raptus, halv, vaska, kjøkkenet, badet, fredagsvask, innrømme, fallet, kor, øydelagt, sida, torsdag, øystein, pensjonistar, bergen, tobias, synest, skjer, jobben, felte, minst, deler, nokså, bidra, passe, handa, braut, tendens, skade, alder, svein, indisk, indiske, restauranten, lagar, pusla, føtene, vil, anbefale, damer, låkt, gale, alt, gjer,
Text of the page (random words):
med ro slik eg gjer no i dag har eg pusla litt her heime i huset og så har eg vore oppe hos marit ei stund og prata eg trudde det var i dag vi skulle på kino men det er i morgon då blir det markens grøde med margrete og svein men først skal vi ha middag indisk trur eg det er på den indiske restauranten vi går når vi skal feire der er god mat og ikkje akkurat slik mat vi lagar sjølv her heime hos meg skjer det lite for tida men eg har no tv en og så strikkar eg lester til heile storfamilien det er den jobben eg har no felte nettopp av eit par så no har eg minst 4 par her men det er solveig som deler ut og eg trur ho har nokså mange par og enno er det langt fram til jul ja det er no bra at eg kan bidra aldri så lite men eg ser at eg må passe venstre handa mi også den braut eg for ikkje så mange år sidan så den er ikkje heilt god den heller eg har ein liten tendens til å dette og skade meg og det er ikkje så bra i min alder solveig og øystein som no er pensjonistar er i bergen for å feire barnebarnet tobias som blir 2 år 1 november vi er etter kvart blitt ein stor familie og det er no kjekt synest eg i kl oktober 30 2026 ingen kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest torsdag oktober 29 2026 dagbok 2026 29 oktober klokka er no20 15 temperaturen ute er 8 graderc og det regnar mørkt er det også så no er hausten her for fullt eg kan ikkje seie eg likar det eg har nettopp vore oppe hos marit ei stund elles har eg vore heime eg kan ikkje skryte av at eg har gjort så mykje i dag men eg fekk ein raptus i halv 6 tida og vaska på kjøkkenet og badet det er det eg kallar fredagsvask elles har eg strikka litt men eg må innrømme at eg har litt vondt for å sitte mykje det kjem av det fallet eg hadde tidlegare eg veit ikkje kor mykje som er øydelagt men noko er det det er litt vondt å sitte også på venstre sida men eg håper det kjem seg eg ser veldig fram til morgondagen for då kjem margrete og hentar meg og så skal vi på kino i volda der skal vi sjå markens grøde det gleder eg meg til eg har no lese boka ein gong i tida men hugsar veldig lite desse døtrene mine tek godt vare på si gamle mor og takk for det det er sjølvsagt ikkje berre døtrene som er til stor hjelp rasmus er like hjelpsom men han er så langt borte men det var han som fiksa bilen min og det var litt av ein jobb no skal eg sjå om eg finn meg litt godsaker i kjøleskapet eg har ikkje ete på ei god stund så eg svelt det er no enno tidleg kveld kl oktober 29 2026 ingen kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest onsdag oktober 28 2026 dagbok 2026 28 oktober klokka er no16 50 temperaturen ute er 9 grader c det er overskya og det regna innimellom i dag var eg invitert til å vere med ei tidlegare kollega og venninne å feire at ho er 70 år no feiringa skulle vere på rekkedal i ei løe som er noko ombygd eg trudde eg hadde vore der før men eg kjende meg ikkje att nokon stad når vi køyrde bortover så eg trur ikkje eg har vore der i dagslys i alle fall den som frakta meg bort var astrid og mannen hennar og dei hadde med blomster til jubilanten frå oss andre også men dei reiste heim att og eg vart igjen med jubilanten som la siste hand på borddekkinga etter kvart kom alle dei andre mange hadde jobba på velle skule men ikkje alle etter kvart sette vi oss til bordet og der sat vi til vi skulle heim vi prata og vi åt og kosa oss ho som var vertinne fortalde litt om korleis garden hadde blitt til kafe eg har aldri vore på rekkedal i dagslys trur eg så eg syntest det var spennande å sjå ein å frammand stad så nær ørsta der var mellom anna nokre store og nære fjell som var litt uhyggelege syntest eg på heimvegen fekk eg sitte på med ho som skulle køyre margrete k og tone til volda ho køyrde heilt til døra mi og takk for det det vart ein kjekk dag kl oktober 28 2026 ingen kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest tirsdag oktober 27 2026 dagbok 2026 27 oktober klokka er 17 40 men det er bekmørkt ute det er vel på grunn av at vi har gått over på vintertid at det vert mørkt så tidleg men vi blir vel fort vande med dei mørke kveldane i år også temperaturen ute er 9 grader og det er litt regn i dag har eg gjort lite og ingenting har for det meste sete og strikka ferdig ein lest men eg har no laga meg middag om ikkje anna eg har ikkje vore heilt pigg i dag heller eg veit ikkje kvifor men i morgon skal eg altså i 80 årsgilde til ei av lærar venninnene mine eg håper å vere meir i form då vi skal vere på rekkedal gjestegard så eg er litt spent på korleis der er eg har vore der før men hugsar ingen ting ja det blir vel eit referat i morgon kveld i dag har ikkje sola vore framme og det har vore meir haustleg enn før og så vart det tidleg mørkt eg har i grunnen lyst å gå tur ute men eg trur ikkje det blir i kveld eg får kanskje ta å legge opp ein ny lest så eg har noko å strikke på det er mange føter i storfamilien og lester er så overvinnlege å strikke kl oktober 27 2026 ingen kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest mandag oktober 26 2026 dagbok 2026 26 oktober på tv mor og dotter på grønland eg kjenner dei ikkje men såg dei på tv klokka er no 20 26 temperaturen ute er 6 grader og det regnar litt eg har halde meg inne det meste av dagen med unntak av at eg køyrde ein tur på butikken på føremiddag eg fyrer litt i omnen no og då og eg brukte siste fyrstikka i går så eg måtte ha påfyll og så finn eg no ut litt av kvart som manglar når eg likevel er på butikken i dag fyller rasmus 62år så lenge er det sidan han kom tll verda på sjukehuset på eid men slike hendingar hugsar i alle fall mora eg hugsar også at det var berrfrost og isande kaldt ute det er sjeldan vi har slikt ver no for tida no i kveld har vi her lett regn og 6 grader i dag har eg ikkje gjort anna enn å strikke sjå tv og ete eg har vore åleine heime heile dagen men det er ok når eg har strikketøy og tv men på onsdag skal eg i fødselsdags selskap til ei venninne som fyller 80 år og på laurdag skal eg på kino med margrete solveig er vekkreist nokre dagar ho er på besøk hos døtra som heiter olaug marie akkurat slik som eg ho har ein liten gut som fyller 2 år om nokre dagar eg har ein stor familie og dei fleste er ikkje så langt vekke så eg føler meg ikkje einsam eg er ein slik type som likar å vere åleine men ikkje alltid no er det snart nyheiter igjen på tv men eg har no høyrt nyheiter om att og om att i heile dag kl oktober 26 2026 ingen kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest dagbok 2026 25 oktober eg trudde vi skulle stille klokka om kvelden så eg levde i sommartida heilt til klokka var over 12 eg var litt i tvil om det var søndag også eg har ikkje kome meg inn på datamaskina mi i heile dag eg var heller ikkje i form i dag men eg kom meg utover dagen var oppe hos marit ei stund på ettermiddagen men mestepaten av dagen sat eg å strikka på ein lest den vart ferdig utpå kvelden kl oktober 26 2026 ingen kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest lørdag oktober 24 2026 dagbok 2026 24 oktober dette bildet tok eg nettopp no klokka18 36 og det er mørkt ute no det er visstnok i morgon vi skal avslutte sommartida og det kan no vere like greitt å gå over til normal tid no eg har stadig problem med dag og tid eg har gått heile dagen og trudd det var søndag først no sjekka eg alle dagar er så like at eg har ingenting å henge det på men eg hadde no henta avisa i eit lyst øyeblikk i dag så då visste eg no kva dag det var det er ikkje mykje å fortelje om i dag eg har vore heime åleine heile dagen for eg torde ikkje å gå tur på grunn av venstre foten som ikkje var heilt i orden det er ikkje så enkelt å vere gammal og dette og slå seg det varer ei stund men eg har det no rimeleg bra på alle måtar no har eg forstått at det er laurdagskveld så då må eg sjå om eg har noko godt til kaffien ein kan aldri vite håper alle har det bra god helg kl oktober 24 2026 ingen kommentarer send dette via e post blogg dette del på x del på facebook del på pinterest eldre innlegg startsiden abonner på innlegg atom dagbok 2026 30 oktober klokka er no17 30 ute er det skya men opplett og 7 graderc det har vore bra ver i dag så eg kunne sikkert ha vore ute men eg er ikkj vadvottar far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver eg har søkt på nettet etter oppskr vermelding 17 februar 2010 det er ikkje til å tru men vi har strålande ver i dag også sola skin det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade vermelding 1 oktober 2010 klokka er no snart 18 00 temperaturen 10 11 grader c og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart sidan eg har tatt b søk i denne bloggen startsiden om meg besta eg er både mormor og farmor derfor har eg teke namnet besta som bloggnamn endå ingen kallar meg det sidan eg er pensjonist held eg meg mykje heime men har siste året engasjert meg i ørsta pensjonistlag elles les eg mykje helst lydbøker og så strikkar eg lestar til dei 11 barnebarna våre vis hele profilen min bloggarkiv oktober 2026 30 september 2026 33 august 2026 32 juli 2026 34 juni 2026 30 mai 2026 33 april 2026 31 mars 2026 30 februar 2026 28 januar 2026 32 desember 2025 32 november 2025 30 oktober 2025 31 september 2025 30 august 2025 32 juli 2025 30 juni 2025 30 mai 2025 30 april 2025 30 mars 2025 31 februar 2025 28 januar 2025 32 desember 2024 31 november 2024 30 oktober 2024 31 september 2024 30 august 2024 31 juli 2024 31 juni 2024 32 mai 2024 32 april 2024 30 mars 2024 31 februar 2024 34 januar 2024 33 desember 2023 32 november 2023 30 oktober 2023 32 september 2023 30 august 2023 31 juli 2023 31 juni 2023 32 mai 2023 31 april 2023 32 mars 2023 34 februar 2023 29 januar 2023 33 desember 2022 33 november 2022 34 oktober 2022 35 september 2022 32 august 2022 36 juli 2022 38 juni 2022 36 mai 2022 34 april 2022 31 mars 2022 34 februar 2022 31 januar 2022 33 desember 2021 33 november 2021 31 oktober 2021 32 september 2021 29 august 2021 35 juli 2021 38 juni 2021 26 mai 2021 33 april 2021 34 mars 2021 32 februar 2021 32 januar 2021 41 desember 2020 34 november 2020 33 oktober 2020 35 september 2020 36 august 2020 39 juli 2020 34 juni 2020 36 mai 2020 38 april 2020 39 mars 2020 37 februar 2020 33 januar 2020 38 desember 2019 35 november 2019 32 oktober 2019 33 september 2019 31 august 2019 38 juli 2019 33 juni 2019 33 mai 2019 32 april 2019 32 mars 2019 32 februar 2019 31 januar 2019 37 desember 2018 36 november 2018 33 oktober 2018 33 september 2018 35 august 2018 35 juli 2018 35 juni 2018 31 mai 2018 35 april 2018 35 mars 2018 35 februar 2018 30 januar 2018 33 desember 2017 33 november 2017 34 oktober 2017 35 september 2017 31 august 2017 33 juli 2017 33 juni 2017 33 mai 2017 33 april 2017 33 mars 2017 34 februar 2017 33 januar 2017 36 desember 2016 33 november 2016 34 oktober 2016 36 september 2016 37 august 2016 43 juli 2016 42 juni 2016 37 mai 2016 38 april 2016 37 mars 2016 38 februar 2016 36 januar 2016 39 desember 2015 37 november 2015 36 oktober 2015 41 september 2015 35 august 2015 39 juli 2015 35 juni 2015 38 mai 2015 38 april 2015 35 mars 2015 40 februar 2015 37 januar 2015 42 desember 2014 38 november 2014 39 oktober 2014 37 september 2014 38 august 2014 40 juli 2014 38 juni 2014 39 mai 2014 38 april 2014 37 mars 2014 41 februar 2014 34 januar 2014 37 desember 2013 35 november 2013 42 oktober 2013 39 september 2013 36 august 2013 40 juli 2013 37 juni 2013 37 mai 2013 36 april 2013 35 mars 2013 38 februar 2013 34 januar 2013 33 desember 2012 38 november 2012 35 oktober 2012 37 september 2012 37 august 2012 38 juli 2012 41 juni 2012 42 mai 2012 39 april 2012 36 mars 2012 36 februar 2012 33 januar 2012 37 desember 2011 40 november 2011 39 oktober 2011 42 september 2011 35 august 2011 38 juli 2011 42 juni 2011 43 mai 2011 46 april 2011 36 mars 2011 41 februar 2011 37 januar 2011 45 desember 2010 42 november 2010 38 oktober 2010 40 september 2010 39 august 2010 47 juli 2010 38 juni 2010 41 mai 2010 43 april 2010 42 mars 2010 49 februar 2010 44 januar 2010 53 desember 2009 18 november 2009 23 oktober 2009 23 september 2009 25 august 2009 27 juli 2009 22 juni 2009 38 mai 2009 27 april 2009 29 mars 2009 29 februar 2009 20 januar 2009 20 desember 2008 16 november 2008 21 oktober 2008 18 september 2008 22 august 2008 21 juli 2008 16 juni 2008 32 mai 2008 33 april 2008 27 mars 2008 15 februar 2008 17 januar 2008 17 desember 2007 19 november 2007 23 oktober 2007 62 september 2007 52 august 2007 48 lappetausa2 besta dagbok 2026 30 oktober klokka er no17 30 ute er det skya men opplett og 7 graderc det har vore bra ver i dag så eg kunne sikkert ha vore ute men eg er ikkje så sprek for én time siden ariel bok nummer 35 2026 kaja 2000 av frederik svindland dette er del to av serien om vito frå porsgrunn det skal vere fire bøker i serien men førebels er det berre to av dei som ligg på storytel storytel for én uke siden øysteinblog g g pj in memoriam då petter jarle erstad døydde fredag 17 november miste vi ein god ven og nabo og fleire av oss var til stades under gravferda i hareidskyrkja fr for 2 år siden solveig si side bok 19 jørgen damman øyenstikker for 4 år siden bjørg bøker laga av hans kragset bøker laga av hans i 2018 og 2019 for 6 år siden lappetausa 02 02 2020 magisk dato 02 02 2020 dear jane blokker sydde i januar for 6 år siden ingeborg lystad stiller ut livsverket til ingeborg lystad ho måla eit heilt liv då ingeborg lystad gjekk bort 1 september i fjor 89 år gammal etterlet ho seg eit he for 8 år siden hildegard juli 2017 15 juli gifta barnebarnet vårt ingrid strøm bergset seg med trygve leite i eid kyrkje fin og høgtideleg stund i kyrkja bryllaupsfeiring på juv ga for 9 år siden hildeb strikka krans eit raskt lite førjulsprosjekt mønsteret fann eg i det siste juleheftet til sandnesgarn fritidsgarn og børsta alpakka er brukt eg strikka ei lang remse for 9 år siden lappetausa new blog i am sorry to announce that lappetausa will be closed for more blog posts please visit my new blog here www lappetausa2 blogspot com thank you for 12 år siden kongsbergtigrane ingars bursdag for 12 år siden ørsta pensjonistlag frå møtet 6 november 2013 utdeling av premiar til dei som har vore med på den gylne spaserstokk elles snakka terje kjøde om dialektar og paul sandange for 12 år siden olaug sin matblogg små cupcakes i dag fann eg endeleg ei ny anledning til å lage cupcakes mai måtte ha våre sist gong eg laga det er vel berre om sommaren og hausten ein kan lage for 14 år siden ho olaug follow me on weheartit d for 14 år siden lillemø god julekule jul tenk at strikkemor o klarte å få meg med på julekule farsotten til arne carlos var kjekt når svigerinna i oslo som fekk den raude og kvite kula ring for 15 år siden bakkelars hestejazz i verdal n denne helga har gamleguten blese støvet av gitaren på fredag drog eg saman med 3 kjekke ...
|